Hamas gratulerer Noreg 

Terrororganisasjonen Hamas gratulerer Noreg med anerkjenninga av Palestina som eigen stat. Det er av typen gratulasjonar som det er vanskeleg å vita korleis ein skal takla, og utanriksministeren vel å seia at han ikkje legg vekt på denne reaksjonen. Det er jo både litt frekt og litt naivt. Den norske regjeringa med statsministeren og utanriksministeren i spissen er så suveren at dei ikkje treng å lytta til reaksjonar som kjem på anerkjenninga av Palestina som stat. Normalt legg ein vekt på kven som gratulerer og kven som gjer det motsette, men det syner ikkje å gjelda for norsk utanrikspolitikk. 

Dei fremste i gratulasjonskøen er altså terroristar og statar som vil utsletta Israel som land og jødisk stat, og gjerne utrydda jødane. Likevel vert det forsvart som eit fredstiltak til fordel for Israel. Den norske venskapen til Israel vert understreka så ofte at dei som uttrykkjer det, synest å måtta overtyda seg sjølv om at dei er Israel-vener. I Israel vert det ikkje oppfatta som venskap, men som ein fiendtleg handling, med det resultatet at deira ambassadør dreg heim. Det er som Sofie Braut skriv i Dagen: “Vi blir ikkje Israels ven ved å seia at vi er det.” Det er handlingane som viser venskap eller det motsette. 

Det er merkeleg at politikarar flest ikkje har innsett at den såkalla tostatsløysinga i Midtausten er dødfødt. Dei som denne løysinga skal pressast på, vil ikkje ha henne. Israel vil ikkje ha ein sjølvstendig terrorstat som omgir og ligg som brikker i puslespel i det området som Israel skal vera ein del av. Israel kunne nok ha akseptert ei tostatsløysing om dei var sikre på at det innebar fred og tryggleik. Landet har strekt seg langt i den retninga, men det har aldri lukkast. 

Hovudgrunnen til at ei tostatsløysing er dødfødt, ligg i islam – og då ikkje berre i ytterleggåande islamisme, men i islamsk sjølvforståing generelt – av tre grunnar. Det eine er at islam opererer med krigens hus og fredens hus. Det siste er der islam råder, og det første er der islam ikkje har makt. I prinsippet skal islam råda over alt, og med det innta krigens hus, om nødvendig med heilag krig.  

Det andre, og som vert særleg aktuelt med tanke på Israel, er at der islam har hatt makta, men har tapt henne, må islam ta området tilbake, alt anna er til vanære for Allah. I Det ottomanske riket rådde islam i heile Midtausten, og då må det no når det ikkje er islamsk område, takast tilbake – frå elva til havet. Det er kort og godt ikkje plass til noko ikkje-islamsk stat.  

Det tredje er jødehatet, der jødane skal ryddast ut. Den beste måten å gjera det på, er å ta frå dei deira nasjonalheim, altså ein stat der jødefolket kan styra seg sjølv og forsvara seg med militærmakt. Dei norske styresmaktene tek ikkje religion på alvor i politikken, og særleg ikkje islam. Når dei nemner islam, er det ut frå kunnskapsløyse, misforståing og naivitet. Dette er eit generelt problem i politikken, langt ut over Noregs grenser, særleg når det gjeld Midtausten og islam. 

Då Israel vart oppretta, skjedde det som ei tostatsløysing med Israel og Jordan som hovudstatane. Rundt dei er det store arabiske og islamistiske land, med eit frimerke av eit land som jødisk nasjonalheim. No vil dei oppretta enda ein stat, slik at det reelt sett er ei trestatsløysing. Den staten ein vil oppretta, eksisterer ikkje, korkje som folkeslag, geografisk område, språk, kultur, styresett eller historie. Historisk er det slik sett ein fiktiv stat, og med tanke på fakta på bakken er det eit luftslott. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Palestina som stat nokon gong vert ein realitet.

Det alvorleg med den norske anerkjenning, som andre lands anerkjenning, er at det fungerer som ei anerkjenning av og ein inspirasjon til Israel sine fiendar. Det er Hamas og deira likesinna som tener på det. Dei som lid under det, er Israel og jødefolket. Det må vera politisk og åndeleg blindskap som gjer at ein lanserer ei slik anerkjenning midt under ein forsvarskrig for Israel, der landet og folket kjempar med ryggen mot veggen for å overleva, og der antisemittismens bål flammar stadig sterkare i heile Europa, ikkje minst i vårt land.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock