Israel og 17. Mai 

I år har eg feira 17. mai i Spania. Det var uvant, men det vart ein grei dag. Det er samstundes slik at vi har hatt solid undervisning om mange sider ved Israel denne veka på Centro Sarepta. Det er Ole Andersen, generalsekretær i Ordet og Israel i Danmark, som har gitt oss innføring i dette emnet. Det har vore svært bra, både bibelbasert og engasjert. Det er første gang han er på Centro Sarepta og det er først gang Sarepta har kontakt med det danske Ordet og Israel. Eg vonar det ikkje er siste gongen. 

Nasjonaldagen starta med ein ekstra “norsk” frukost, inkludert brunost, og heldt fram med ei morgonsamling med ein kombinasjon av 17.mai-tale og andakt, nasjonalsongar og bønn. Rett nok var nordmennene i mindretal! Det var nok flest danskar, eit par svenskar og nokre spansktalande. Det gav ekstra meining til feiring av 17.mai. 

Vi tok så turen til sentrum av Alfas del pi. Der var det stort 17.mai-tog, tale for dagen og diverse andre innslag. Det var mange i toget, og mange på fortauet. Eg trur det må ha vore minst 1000 menneske, nokre i bunad. Det verkar nesten som at nordmenn vert ekstra nasjonale i utlandet. Eg tok så danske Ole Andersen med på ein fjelltur til ein topp på neste 1200 meter, men vi starta på nesten 600 meter. Det var Bernia, mitt favorittfjell, og dansken var over seg over kor flott det var, sjølv om det er ein litt krevjande tur. Dagen slutta med at det kom ein heil skuleklasse frå Finland, som skal vera her komande veke. 

Men kva samanheng er det mellom Israel og 17. mai, ut over samanfall i undervisning og nasjonaldag? I denne samanhengen er det grunn til å løfta fram nettopp det nasjonale. For nordmenn har det vore viktig å vinna seg ein sjølvstendig og fri nasjon der ein er herre i eige hus. Difor er 1814, 1905 og 1945 viktige årstal for innhaldet i 17. mai. Vi vil at landet skal vera norsk, men vi vil også integrering av folk med anna etnisk bakgrunn. 

Isarel er oppretta nettopp som ein nasjonalheim for jødar. Alle nasjonalstatar har på ein eller annan måte eitt eller nokre bestemt folk som basis for landet. For Israel er det jødefolket, og jødane treng av ekstraordinære grunnar ein slik stat. Jødane har levd eit utrygt tilvære rundt om i mange og ulike land. Andre verdskrigen med sitt Holocaust viste det på uhyggeleg vis. Jødefolket fekk tilbake sitt gamle land, og vart på nytt herre i eige hus. Israel har vist ei kolossal evne til å integrera jødar frå ulike samanhengar inn i samfunnet, men også arabarar. 

Israel er under eit voldsomt press nettopp som nasjonalheim for jødane. Nokre, spesielt islamistar, vil fjerna heile landet. Dei får god støtte av såkalla “palestinavenner” som vil “frigjera” landet frå elva (Jordan) til havet (Middelhavet) og gjera det til Palestina, trass i at det er mange og stor arabiske land der islam råder. Andre vil oppløysa landet innafrå ved å la alle såkalte “palestinaflyktningar” få koma tilbake til Israel med fulle demokratiske rettar. Då kjem jødane i mindretal og den jødiske nasjonalstaten går i oppløysing. Den situasjonen Israel er i no, skulle gjera det klart for alle som vil sjå, at jødane treng ein nasjonalstat og at denne må vera trygga av sterk militærmakt og sterk forsvarsvilje. 

For nasjonalstaten Noreg er det i år grunn til å minna om vår kristne arv og vår gamle kristne lovgjeving. Ved Kristenretten på Moster i 1024 fekk norsk lovgjeving eit utgangspunkt i at ein skulle bøya seg mot aust og tilbe Kvitekrist. Utgangspunktet var altså det som skjedde i Israel og Jerusalem. Dette vart forsterka med Landslova av 1275, og ført vidare gjennom Kongelova frå 1600-talet og grunnlova frå 1814. Dette har vore til så stor velsigning for landet vårt at det knapt kan overvurderast. Like vel ser styresmakta i dag i stor grad bort frå dette, og gjev oss ei stadig meir avkristna lovgjeving. Det vil vera til skade for land og folk over tid. 

I sin tale på Areopagos (Apg 17) seier Paulus at alle menneske stammar frå eitt menneske og har eitt blod. Alle går tilbake til Adam, og med det er det ikkje forskjell på folk og folkeslag. Alle har same menneskeverdet og alle skal behandlast ut frå det. Samstundes seier Paulus at Gud sette tider og grenser mellom folkslag, med det føremålet at dei skulle leita etter Gud og om mogleg finna han. Nasjonar og statar er altså ein del av Guds styremåte på jorda, inkludert at å få folk til å søkja han – og då må det leggjast til rette for forkynning av Guds ord, det som openberrar frelsa i Jesus Kristus. 

Johannes Kleppa