Johannes-veke på Centro Sarepta

Det er mykje bibelundervisning på Centro Sarepta, og den veka som no er til ende, har i dobbelt meining vore ei Johannes-veke. Det har starta med at underteikna har hatt morgonandaktar frå Johannes-evangeliet. Det har fortsett med at eg har hatt to timar for dagen frå Johannes Openberring. Den tredje timen har Johannes Thorlund hatt frå 1. Johannesbrev, og Janne Smetana hadde ein kveldstime frå 2. og 3. Johannes brev.

Apostelen Johannes skreiv mykje og variert, frå evangelium via brev til openberring, og vi har gått gjennom nokså mykje av dette denne veka. Mykje av det Johannes skreiv, er særmerkt i høve til dei andre nytestamentlege forfattarane, og vi snakkar gjerne om ein johanneisk teologi, som vi talar om ein paulinsk teologi. Det betyr ikkje at dei ulike forfattarane har kvar sin teologi, altså ulik teologi eller at det er innbyrdes motsetnader. Derimot utfyller dei kvarandre, utan at eg skal gå inn nærare inn på det her.

I sitt evangelium fortel Johannes om Jesu liv og gjerning, om hans liding, død og oppstode, som dei andre evangelistane. Han legg stor vekt på at Jesu undergjerningar er teikn som viser kven Jesus er. Han er Guds Son. Johannes refererer også ein lang avskjedstale som Jesus held for læresveinane, og som førebudd dei på kva som skulle skje ved Jesu himmelfart. Noko av det særprega ved Johannes er at han legg vekt på motsetnader, som lys og mørke, sanning og løgn, Kristus og Antikrist. Han brukar også aktivt gudsnamnet “Eg er” på Jesus.

I breva sine forkynner Johannes i stor grad synd og nåde, lov og evangelium. Han gjev rettleiing til det kristne livet, og ikkje minst kor viktig det er å leva i Guds kjærleik og syndstilgjeving for å kunna leva eit sant kristenliv i kamp mot og siger over synda. Han rettleier også i forhold til vranglære og Antikrists ånd. Guds folk vil konstant vera utsett for åndeleg forføring, og i vår tid gjeld det i ekstrem grad. Johannes sine brev er difor aktuelle på mange måtar.

Johannes openberring er ei svært spesiell bok, og mange finn denne boka vanskeleg, og delar av boka vert tolka ulikt. Noko av problemet for dagens lesarar, er at vi kjenner Det gamle testamentet for dårleg, og med det har vi ikkje føresetnader for å forstå Johannes openberring. Vi les gjerne boka i lys av vår tid eller i lys av Johannes si samtid, men då vert det overflatisk.

Det er inga bok i NT som har så mange referansar til GT, som Openberringa. Rett nok er det ikkje noko direkte sitat eller direkte referansar til personar eller bøker. Derimot er det mange ord og uttrykk som er henta frå GT, og all bruk av symbol og teikn er henta derifrå. Problemet for oss er at Johannes ikkje gjer merksam på det eller viser til kor han har symbolbruken og uttrykksmåtane frå, og med det går det oss lett forbi. Dei som har tald, seier det i 278 av boka sin 404 vers er ein eller fleire referansar til GT. Det gjeld frå heile GT, men ikkje minst frå Daniel, Esekiel og Sakarja. Vil du forstå Johannes Openberring, må du altså studera GT og lesa boka på bakgrunn av det. Openberringsboka er svært aktuell med tanke på den tida vi lever i og dei åndskreftene som no gjer seg gjeldande, ikkje minst med tanke på styresmakta si sterke ideologiske styring og einsretting – utan at vi skal gå inn på det her.

Det har vore ei god tilhøyrarflokk denne veka, og som forrige veke var det svært nordisk. Det har vore mest svenskar og danskar, og nokre nordmenn. Det at det kjem folk frå ulike samanhengar til Centro Sarepta, gjer det spesielt spennande å vera her. Då vert det utveksla tankar og åndelege erfaringar frå ulke samanhengar, og vi får glimt av kristenlivet og misjonsarbeidet i ulike land. Det er i seg sjølv spennande og inspirerande.

Johannes Kleppa