Bibelskule og profeten Daniel

Denne veka har eg hatt det privilegiet å undervisa på Fjellheim Bibelskole i Tromsø. Der er det ei linje som heter Vitne, og der har eg hatt ein del timar om Daniels bok og Israels eksil i Babylon. Det er uhyre viktig stoff i Det gamle testamentet. Frelseshistoria og Israels historie er umogleg å forstå rett og i sin djupne utan kjennskap til eksilet i Babylon. Det same gjeld dei profetiske bøkene. Profeten Daniel er dessutan sentral for å forstå Israels historie og endetida.

Daniel er ein svært aktuell profet for vår tid. Det gjeld både det han seier om dei ulike verdsrika, og korleis Gud styrer historia. Dette peikar fram mot endetida og Antikrist med det antikristelege riket, men det er ikkje det siste. Gud er den suverene sigerherren, og det er han på ein særleg måte ved Jesu forsoningsverk. Det er Guds rike som vert det endelege og det evige. Det at Gud er historia sin Herre og kongane sin Konge, er ei stor trøyst i ei kaotisk og utrygg tid. Gud har kontrollen, og det kan vi få kvila i.

Daniels bok er ei aktuell bok også fordi ho talar om korleis ein kan og bør leva som ein kristen i eit avkristna eller heidensk samfunn. Daniel og vennene hans fekk grundig opplæring i allmenn eller profan kunnskap i Babylon, men dei fekk også openberring frå Gud. Denne kombinasjonen gjorde at dei kunne vera gode tenarar i det babylonske riket, sjølv om dei der var i eksil og det var ein heidensk kultur. Dei levde med integritet i trua på Israels Gud og hans bod. Det gav dei stor innverknad i samfunnet, sjølv om det til tider førte med seg både utfordringar og fare for livet.

Det er veldig viktig at Guds folk får innføring i den typen bibelstoff som Daniel og eksilet utgjer, og det er særleg viktig at unge kristne får det. Det kan verka styrande for livet og for tenesta. Ved dette bibelstoffet kan ein få hjelp til å tolka tida og vurdera dei åndskreftene som til ei kvar tid gjer seg gjeldande. Det gjeld ikkje minst styresmakta sin sterke tendens til einsretting av ideologi, livssyn og tru, der kristne sitt samvit kjem under press.

Gjennom det som skjer med Daniel og vennene hans, og måten dei opptrer i møte med styresmakta sitt krav om å bøya seg for styresmakta også i gudsdyrkinga, kan vi få hjelp til å leva som integrerte kristne i møte med ei antikristeleg åndsmakt. Det treng vi alle, og unge treng det i særleg grad, fordi dei møter dette i samfunnet generelt og i utdanninga. Det trengs mykje sunn bibelkunnskap og forplikting på Ordet som openberring for å stå oppreist som kristen i dagens samfunn. Kompromissets ånd er sterk, og då kan ein henta lærdom og inspirasjon frå Daniel og vennene hans.

Det er mange grunnar til at bibelskular er viktig, men det er ikkje minst viktig det vi her har peika på. Det er mange fag som kan vera nyttige ved ein bibelskule, men det er særleg viktig med innføring i dei bibelske bøkene og i den bibelske tenkinga. Det er viktig at kristne foreldre og forsamlingar tilskundar unge kristne til å ta eit år eller to på bibeølskulen – anten det er Fjellheim, Centro Sarepta eller andre bibelskular. For Centro Sarepta sin del er det like aktuelt vaksne og eldre folk som vil vera ei veke eller fleire, som for unge som vil vera der heile året og gjerne kombinera med eit universitets- eller høgskulefag på nettet.

Johannes Kleppa