Misjon Sarepta og «bubilmisjon»

I ein samtale for litt sidan var det ein som omtalte Misjon Sarepta sitt arbeid i Noreg som «bubilmisjon». Det var eit ord eg ikkje kan hugsa at eg har høyrt før, men eg syntest det var eit talande uttrykk, og det var svært positivt meint.

I Sarepta har vi ofte løfta fram at vi meiner bubilar er svært gode og effektive reiskapar i misjonsarbeidet. Bilane fungerer i seg sjølve som vitne ved at dei ikkje berre ber Sarepta sin vignett, men også vitnar med songvers og bibelord. Det er nok ein del som har stoppa opp for det dei kan lesa på bilane, og vi skal ikkje undervurdera kva Guds ord slik kan utverka. Ordet er alltid verkekraftig. Dessutan kallar bilane ved sitt nærvær til møte om Guds ord.

Det som nok likevel låg i ordet «bubilmisjon», var at vi ved hjelp av desse bilane lett kjem rundt på mange stader der det ville vore vanskeleg å ha møte utan. No er ikkje Sarepta åleine om å ha bubilar, Det er også andre som har det, særleg forkynnarar som tek på seg oppdrag i ulike misjonssamanhengar. Sarepta har likevel vorte kjent for at fleire av arbeidarane er utstyrte med bubil. Det gjer det lett å koma rundt om på mange stader, særleg når ein har ei reiserute med eitt møte på kvar stad. Det gjer det også lett å kunna nytta tida godt ved at ein har huset og arbeidsplassen med seg over alt. Det negative er at arbeidarane kan verta i meste laget åleine, og det er difor fint om dei vert bedne på middag, kaffi og kveldsmat!

Vi har mange gonger understreka at Sarepta ser det som eit særleg kall å forkynna Guds ord der få eller ingen andre har møte, anten flokken som kjem er liten eller stor – ofte er det få. Fleire tilbakemeldingar i det siste tyder likevel på at stadig fleire kjem på møta, særleg der ein har fleire møte etter kvarandre eller har regelmessige møte. Dette gjev ekstra frimot og inspirasjon til å halda fram med «bubilmisjon». Det meldest også om at det ofte er ufrelste folk på møta. Det kan vera like lett for folk utanfor den kristne forsamlinga å koma på «småmøte» der dei kjenner folket, som på storsamlingar der dei er heilt framande.

Vi har også mange gonger sagt at vi svært gjerne skulle kome enda lengre ut med Guds ord, at vi skulle kome til stadig nye stader og hatt langt fleire møte der vi har møte. Vi skulle altså svært gjerne utvida «bubilmisjonen». Då treng vi ikkje berre fleire bubilar, men vi treng fleire arbeidarar. Vi treng folk med kall og nådegåver til å forkynna Guds ord. Det krev forsakinga om ein vil driva «bubilmisjon». Folk må vera innstilte på å vera borte frå heim og familie og leva rimeleg enkelt i store delar av livet. Får vi fleire arbeidarar, vil det nok ordna seg med fleire bubilar – om det er «bubilmisjon» som er det mest tenlege.

Vi har også fleire gonger påpeikt at det å ha møte på stader der få kjem, er økonomisk sett eit dundrande underskotsprosjekt. «Bubilmisjon» er slik sett økonomisk ei utfordring, trass i at vi har fått bubilane for å kunna gjera dette arbeidet. Det kjem sjølvsagt inn ein del i kollekt, og samla sett er det faktisk nokså mykje. Det som likevel gjer «bubilmisjon» mogleg, er dei mange som gjev direkte til Misjon Sarepta, og særleg dei faste gjevarane. For å driva «bubilmisjon» er vi altså avhengig av folk som gjev, og til no har Sarepta fått det vi trong til det misjonsarbeidet vi har fått til.

Vi har også mange gonger sagt at det heilt avgjerande for at misjonsarbeidet skal lukkast og Ordet nå inn i menneskehjarto, er at det er eit misjonsfolk som bed. Alt misjonsarbeid er avhengig av bønn, og «bubilmisjon» er kanskje særleg avhengig av folk rundt om i landet som faldar hendene for dette arbeidet, fordi det ikkje alltid er så mange som bed der vi har møte, sjølv om der nok er nokre svært trufaste bedarar.

«Forsamlingsmisjon» og «bubilmisjon» utfyller på mange måtar kvarandre. Det er viktig at dei større bedehusorganisasjonane byggjer forsamlingar, men det fører lett til konsentrasjon om arbeidet på større stader. Då er det nødvendig at nokre tek oppgåva med Ordets forkynning der det ikkje er forsamlingar, og det er altså noko av Sarepta sitt kall – «bubilmisjon». Takk til deg som støttar dette arbeidet, og velkomen til deg som vil vera med framover!

Johannes Kleppa