Prest spør filmskapar

Det har oppstått ein debatt om fortapinga og helvete. Spørsmålet er om folk går fortapt eller kan gå fortapt? Det er eit svært alvorleg og sentralt spørsmål i kristen tru. Det rører med heile frelsesverket, trusspørsmålet og misjonsforståinga. Midt i det svært alvorlege, har det oppstått ein nesten tragisk-komisk situasjon.

Utgangspunkter for debatten var at Sunniva Gylver, prest i Den norske kyrkja, i ein andakt reiste spørsmålet om Gud hadde ein plan B, altså ein frelsesplan for dei som ikkje ope tek imot Jesus i tru her i livet. Ho snakka, og har seinare skrive, som om Gud har det. Det er altså vanskeleg å tenkja seg at nokon går fortapt. Det fekk filmskapar Randi Førsund til å reagera. Ho meinte det var prestane sin «fordømte jobb» å forkynna det Bibelen lærer, inkludert  fortapinga sin realitet.

Eg har ein gong hatt gleda av å møta Randi Førsund. Ho er eit fyrverkeri av eit menneske som veit å ordleggja seg, og det til tid meir direkte enn dei flesta av oss gjer, og ho er ikkje skyggeredd, men står frimodig fram med meiningane sine. Ho brukar ikkje alltid nett kanaans språk! Det var ein fest å snakka med henne, og det var imponerande å høyra korleis ho tok oppgjer med både prest og biskop – med biskopen på stolen ved sida av seg. Førsund er altså ikkje teolog, men ho er filmskapar. Ho har kome til kristen tru i vaksen alder.

Så skjer det snodige og tragisk-komiske at Sunniva Gylver i debatten med Randi Førsund stiller henne seks omfattande og djuptgåande teologiske spørsmål. Det kunne skrivast teologiske avhandlingar til kvart av spørsmåla. Presten stiller altså spørsmål til filmskaparen, og det spørsmål som det er presten si oppgåve, nettopp som prest, å svara på. Skulle desse spørsmåla vorte stilte i denne debattane, skulle det ha vore filmskaparen som spurde presten. Spørsmåla er av ein slik karakter at presten tydeleg ikkje er interessert i svar for å verta opplyst, men spørsmåla er reint retoriske for å setja filmskaparen fast.

No treng ikkje Randi Førsund hjelp frå meg til å svara for seg, og eg skriv ikkje dette for å hjelpa henne. Dei spørsmåla presten stiller, er til dels av ein slik karakter at ingen kan svara fullgodt på dei, fordi det er spørsmål som går inn i gudsmysteriet og den skjulte Gud, og dei ber i seg paradoks. Filmskaparen har likevel teke presten på ordet og gjennom eit intervju i Dagen gitt saksvarande svar, så langt det er råd å svara. Svara er til dels gode, og presten bør ta dei til seg. Det heile gjeld frelsesspørsmålet ut frå den vesle bibelen (Joh 3,16).

Det har vorte eit nokså vanleg teologisk grep å stilla spørsmål som ein veit ein ikkje fullt ut kan svara på, fordi Bibelen ikkje fullt ut har openberra svaret. Spørsmåla har som funksjon å problematisera bibelske sanningar, slik at ein kan sjå bort frå desse og læra noko Bibelen ikkje lærer. I staden for å halda seg til det Bibelen openberrar, og la det Bibelen ikkje openberrar liggja hjå den skjulte Gud, brukar ein fornufta og logikken til å laga læresystem ut over og i strid med det Guds ord lærer. Spørsmåla som vert reiste, inkludert dei presten stilte til filmskaparen, er ikkje nye, men dei vert no brukte bibelkritisk. Tidlegare har ein reist spørsmåla for å koma så langt i eit bibelsk svar som mogleg, og så lete resten liggja i tillit til Guds rettferd og kjærleik. På den måten var det også Randi Førsund svarte.

Eg syntes det var både pinleg og avslørande at ein prest valde eit slikt spørsmål-triks i møte med bibelforplikta argument frå ein filmskapar. Ein prest skal ikkje stilla folk til vegs på denne måten. Hadde filmskaparen gjort det overfor presten, ville det vore greit. Det er nemleg presten sin «fordømte jobb» å svara på slik spørsmål, for å bruka Randi Førsund sitt utradisjonelle og litt provoserande uttrykk.

Johannes Kleppa