Kristus-liv og misjons-liv

Eg er for tida på Centro Sarepta. Når ein er her, er det naturleg at ein reflekterer litt ekstra over det med misjon. Det gjeld både korleis ein kan driva misjon på best måte for å nå folk med Guds ord til frelse og nytt liv, og korleis ein kan få engasjert unge og eldre til ei aktiv og forpliktande misjonsteneste. Når ein er her, er det også naturleg å reflektera litt ekstra over korleis ein kan få gitt bibelkunnskap på beste måten, og kva ein prioriterer og faktisk formidlar gjennom forkynning og undervisning.

Vi definerer Centro Sarepta både som bibelskule og misjonssenter, og med det må vi stadig reflektera over kva bibelkunnskap ein faktisk gir og kva misjonsarbeid ein faktisk driv. Det er inspirerande å vera på senteret og møta dei som har sitt arbeid for Sarepta i Spania, og møte dei som fylgjer undervisninga i kortare eller lenger tid. Vi trur undervisninga er viktig for dei som får del i denne, og vi trur det som skapest ved undervisninga er viktig for Sarepta sitt arbeid. Det er eit mål at dei unge som er her eit heilt skuleår, skal verta gripne av Ordet og Kristus på ein slik måte at dei får eit livslangt misjonsengasjement.

Det å undervisa og forkynna slik at det skapest misjonssyn, misjonskall og misjonsbrann, er utfordrande. Det er minst to grøfter å falla i. Den eine er ei einsidig evangelieforkynning, der ein gløymer dei bibelske formaninga til teneste og misjon. Den andre er at ein legg så stor vekt på misjonskall og misjonsutfordring at ein ikkje får med seg den skapande misjonskrafta som ligg i evangeliet. Det er også ei utfordring at ein kan koma til å forkynna så sterkt til teneste i forsamlinga og utover til folk i nabolaget, at ein overser det aller næraste – ekteskapet og familien.

Det var nett ein som i e-post til meg skreiv at han meinte det var ei slagside i forkynninga til misjonskall, særleg til unge. Dette gjaldt både med tanke på innhald og mengde sett opp mot andre tema. «Eg har høyrt tusen talar om å vinna naboen og kallet til misjonærteneste, men knapt ein einaste tale om foreldrekallet. I tillegg kjem det innhaldsmessige som fort gjer at det vi kan gjera for Jesus, får større plass enn det Jesus har gjort for oss,» skreiv han. Det kan vera at han set saka litt på spissen, men han har openbert viktige poeng.

Vi skal forkynna misjonskallet, men vi må ikkje gløyma foreldrekallet. Den aller viktigaste misjonsoppgåva gjer nok kristne foreldre i heimen. All statistikk viser at dei aller fleste som er kristne i vaksen alder, vaks opp i ein kristen heim. Samstundes er det mange frå kristne heimar som fell frå som unge eller i overgangen frå ungdom til vaksen. Det er ingen garanti for at dei som veks opp i ein kristen familie, veks opp som kristne og lever med Gud til sin dødsdag, men det er ein avgjerande viktig del av foreldrekall å formidla Guds ord i heimen og omslutta sine i bøn med tanke på at det åndelege livet skal få næring.

Det er også rett at vi skal forkynna sterkt at vi skal leva for Jesus og i teneste for han. Det kan vi knapt forkynna radikalt nok, særleg ikkje i vår egoistiske, materialistiske og individualiserte tid. Det ser vi både av måten Jesus kallar og dannar sin læresveinar på, og i måten apostlane kallar til å vera Jesu etterfylgjarar. Det er likevel eit åndeleg faktum at krafta til eit liv for Jesus, ligg i det Jesus har gjort for oss. Det er evangeliet som er drivkrafta og åndsutrustninga. Skal det vert varig misjonsengasjement, og ikkje berre kortvarige prosjekt eller skippertak, må forkynninga av Jesu forsoningsverk vera hovudsaka, slik at livet vert eit liv i ordet om krossen.

Det er kort og godt Kristus-liv som skaper misjons-liv.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock