Misjonskall og barn

Det oppstår til tider diskusjon om forholdet mellom kall til misjonsteneste og forholdet til barn, særleg med tanke på misjonærbarn. Det er eigentleg ei spenning mellom misjonskall og foreldrekall, og i den spenninga dreier det seg om folks frelse, altså frelseskallet. Det er eit dilemma ein ikkje kjem unna, og som vi må ta på alvor.

Samstundes må vi vera klar over at forholdet til barn ikkje er ei problemstilling berre for misjonsarbeidet. Det er ei lang rekkje yrkje som det same gjeld for, slik som fiskarar, sjømennn i utanriksfart, tilsette i militæret, folk i utanriksteneste og hjelpearbeid, sentrale politikarar og pendlarar av ulike slag – for å nemna nokre yrke. Det er mange familiar og barn som har bore byrder på grunn far eller mor sitt arbeid, oftast far. Det er også slik at dette for relativt kort tid tilbake var ei meir utbreidd utfordring enn med dagens kommunikasjonsmiddel, både digitalt og fysisk. Vi kan altså ikkje alltid leggja dagens mål på tidlegare tider, men sjå det mot den samfunnssituasjonen og den tankegangen som rådde då.

For misjonærbarn var eit hovudproblem at dei vart plasserte på skuleinternat. Det har ein slutta med for fleire år sidan, men heller ikkje det var spesielt for misjonsarbeidet. Det var ei akseptert ordning i samfunnet. Det var ei nokså vanleg ordning i Nord-Noreg, men også i Sør-Noreg var det internat. Det hadde med geografi og avstandar å gjera. Det at kong Olav i 1966 opna eit internat i Etiopia for NLM, viser kor samfunnsmessig akseptert det var. Det var kort og godt ikkje kontroversielt, men vart rekna som ei god og tenleg ordning der det var for få elevar lokalt til eigen skule. I ettertid ser vi mange uheldige konsekvensar av dette.

Mange som budde på skuleinternat, hadde det relativt godt og triveleg, men slett ikkje alle. Det er ekstra tragisk at nokre opplevde vald og overgrep. Det er jo totalt uakseptabelt, men det må haldast skilt frå prinsippet med internat – sjølv om denne ordninga var sårbar på dette punktet. Overgrep må det uansett takast oppgjer med, og det må skje oppreising.

Det at vi må sjå det som skjedde for nokre år tilbake i lys av samfunnet og tenkinga då, betyr ikkje at vi kan oversjå problem som misjonærbarn frå den tida slit med i dag. Det må ordnast opp i så langt det er mogleg. Det må skje på tillitsfull og open måte i dei samanhengane det høyrer heime. Går ein til politikarar og styresmakter med slike spørsmål, går det politikk og ideologi i det heile. Då vert det raskt ei sak om økonomisk støtte på ideologisk grunnlag og trugsmål om å trekkja slik støtte tilbake, og plutseleg er også kristne barnehagar, friskular og diakonale institusjonar fanga inn av dette. Dette skjer ut frå dagens sekulariserte samfunn og ideologi.

Spørsmålet om misjonskall og forholdet til barn og familie, er altså langt meir omfattande enn det som gjeld misjonærbarn. Mange emissærar og emissærheimar har opplevd noko av det same, om enn ikkje knytt til utfordringa med internat. Det har vore fråvær av far, mykje ansvar og arbeid på mor og barn som har kome i skvis. Djupast sett gjeld problemstillinga all teneste i Guds rike, sjølv om også mange andre yrke og mykje anna frivillig arbeid kjem i same dilemmaet. Det vert likevel forsterka i kristen samanheng, fordi vi her har med samvitsspørsmål og folk si evig frelse å gjera. Det er ikkje berre eit praktisk spørsmål, men primært ei åndeleg sak.

Vi må då ha dimensjonane klart føre oss. Det viktigaste her på jorda er vår eiga og andre menneske si frelse. Kva hjelper det om ein vinn heile verda, men taper sjela si, spør Jesus. Det er den problemstillinga vi må prioritera livet vårt ut frå, også når det gjeld misjonsteneste. Jesus bed endåtil læresveinane sine forlata far sin og mor si for å fylgja og tena han, og han seier dei døde kan begrava sine døde. Jesus er altså svært radikal med tanke på frelse og teneste. Det har ikkje vi åndeleg mandat til å endra.

Jesus gav alt for oss, og vi er kalla til å gjera det same for andre. Vi skal altså gje livet vårt fullt og heilt til Jesus og teneste for han, men kan vi ikkje ofra andre sitt liv i denne tenesta. Det er det som er problemstillinga med tanke på foreldrekallet. Det grunnleggjande kallet er frelseskallet, og det neste er foreldrekallet. Etter det kjem misjonskallet. Vi kan også snakka om eit arbeidskall.

Det meste av misjonskallet vert utøvd gjennom foreldrekallet og arbeidskallet, ved at vi er Kristi brev til verda i dei relasjonane vi lever i. Men så kjem det også eit spesielt misjonskall, som gjeld alt frå oppgåver i den lokale forsamlinga til teneste i andre verdsdelar. Det må vi då sjå og tilretteleggja i lys av frelseskallet og foreldrekallet, men det kan og må gjerast på mange og ulike måtar. Det finst ikkje nokon mal eller fasit for dette, men ein må vera seg dette medviten, slik at misjonskallet ikkje øydelegg for foreldrekallet og frelseskallet, men går i spann med og tener desse.

Johannes Kleppa