Gud og været

Då Gud skapte denne jorda, skapte han også været. Då Gud såg ut over skaparverket og konkluderte med at alt var berre godt, var været inkludert. Då syndefallet skjedde og Gud i sitt domsord til Adam sa at jorda var forbanna for hans skuld, var været inkludert i det også. Dette har gjort at sidan syndefallets dag har naturen og været skapt problem, men ikkje verre enn at det har vore leveleg på jorda – ja, i stor grad har mennesket kunna leva godt ut frå skaparverket.

Det er eitt unnatak for det siste, og det gjeld storflaumen på Noah si tid. Då reiste naturen og været seg mot menneskeslekta som del av Guds dom over mennesket si synd. Resultatet var den største naturkatastrofa vi kjenner. Alt levande på jorda gjekk under i flaumen og vart drept, unntatt Noah og dei menneska, dyra og fuglane som var med han i arka. Dette var så radikalt at Peter seier at «ved dette gjekk den dåverande verda under, då ho vart overfløymd av vatn» (2 Pet 3,6).

Været er eit kjærkome samtaleemne, og slik har det sikkert vore til alle tider. I vår tid har det vorte meir enn eit kjært samtaletema. Det har vorte noko skræmande med det, ikkje minst ved media si hjelp. Klimaet og været endrar seg, og vi får ekstremvær. Kva som måtte vera menneskeskapt og kva som ligg i sjølve naturen og Guds styring av denne, skal vi la liggja her. Det som er sikkert, er at det gjennom årtusena har vore store klimaendringar og med det store endringar i været. Isbreane og endringana av desse viser dette. Det same gjer fossile funn av varme tresorter i område som i dag er prega av sterk kulde og barske værforhold. Det har nok vore ekstremvær før også.

Det har kome til eit nytt moment med tanke på alle samfunnsforhold, inkludert klimaet og været, at vi i dag har ein mediesituasjon som informerer oss globalt omtrent i samtid. Dette gjer at mykje opplevest sterkare no enn før. Bygda og verda har på sett og vis kome på same lina. Dessutan har vi ein forsknings- og kunnskapssituasjon som gjer at vi kan vurdera mange ting i mykje større grad enn før, og til tider føresjå det som vil skje. Dette er svært tydeleg når det gjeld vær og værmelding. Då kan vi førebu oss, men vi kan ikkje kontrollera været. Vi kjem i skvis mellom kunnskap og maktesløyse.

Det som synest å vera ute av kontroll for mennesket, er under kontroll av Gud. Gud har gitt sine lovnader med tanke på denne jorda og årstidene, og med det for været. Då Gud hadde gjort opp med synda på Noah si tid, gjorde Gud ei pakt. Det var ikkje ei pakt berre med mennesket, men med kvar levande skaping og alt han hadde skapt. Gud sa han sette regnbogen på himmelen som eit «teikn på ei pakt mellom meg og jorda» (1 Mos 9, 13). Regnbogen skulle ikkje primært vera eit teikn for oss, men for Gud. Gud må handla med jorda, inkludert naturen, klimaet og været, i tråd med denne pakta. Rundt seg på trona har Gud ein regnboge som han må sjå alt gjennom (Op 4, 3).

Etter syndeflaumen uttalte Gud seg spesifikt og klimaet og været, ved at gjorde klart at slik han no hadde handla, ville han aldri meir opptre, og så tilføydde han: «Så lenge jorda står, skal såtid og haust, kulde og hete, sommar og vinter, dag og natt aldri ta slutt.» (1 Mos 8,22).

Det kan nok varier med kulde og varme, korleis vinter, vår, sommar og haust er, og om såtid og haust er god eller dårleg, men alt dette vil alltid vera på ein slik måte at det er levelege kår på jorda for mennesket. Rett nok skal vi gjera vårt beste for å ta vare på naturen, og med det medverka til at klimaet og været kan vera så godt som mogleg, men i siste instans ligg det heile hjå Gud – og det er vår berging, som i alt anna! I kyrkja har ein i uminnelege tider bede om «godt og lageleg vær». Den bøna kan det vera klokt å fornya.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock