Demonar og åndskamp

I vår vestlege og rasjonalistiske verden snakkar vi lite om djevelen, og enda mindre om demonar og åndsmakter. I kulturar der ein generelt er meir open for ein åndeleg dimensjon, snakkar dei i større grad om djevelen og hans hær. Djevelen og demonane er like reelle og arbeidar like intenst anten vi snakkar om dei eller ikkje. Vi gjer difor klokt å ta denne åndsrealiten i tilværet på alvor, både med tanke på samfunnet, den kristne forsamling og på det personlege planet.

Den svenske teologen og kristenleiaren Olof Edsinger har skrive bok om nettopp dette, «Farlig for fiende», med undertittelen «En bok om den åndelige kampen – og hvordan den kan vinnes». Edsinger er ein av Nordens fremste apologetar og åndelege rettleiarar. Eg les alltid det han skriv med stor interesse og til lærdom. Slik er det også med denne boka, sjølv om eg har nokre atterhald.

Edsinger legg vinn på å tenkja bibelsk og argumentera ut frå Guds ord. Det gir boka styrke og intensitet. Nokre gonger synest eg likevel at bibelbruken er søkt, og at det er overtolking av tekstar som er dunkle. Eg synest også at Edsinger til tider overtolkar det demoniske på ein måte som gjer at vårt gamle menneske eller vårt kjøt, ikkje får sin rette posisjon. Dette er på ingen måte tilsikta, fordi Edsinger held synda og kjøtet svært tett saman med djevelen og demonisering. Vektlegginga kan likevel få ei slagside. Eg er heller ikkje overtydd om at han har sterkt nok skriftgrunnlag for tenkinga si om territoriale åndsmakter og eit demonisk hierarki, sjølv om Bibelen opnar for dette.

Når desse atterhald er nemnde, vil eg seia at dette er ei svært viktig og nyttig bok. Det er svært nødvendig at vi får ei innføring i djevelens og demonanes realitet og arbeidsmåte, som gjer at vi tek kampen mot desse maktene på alvor. Det er innlysande at djevelen går inn i tankebygningar som er i folket og brukar desse antikristeleg. På same måten går han inn i umoral og synd og brukar dette for å øydeleggja samfunn, familiar og einskildpersonar – ja, også kristne forsamlingar og arbeidslag. Alt det som er av oppløysing av kristen tanke, etikk og livsstil i det vestlege samfunnet, er vanskeleg å tenkja seg utan at djevelen og hans demonhær står bak. Ansvaret fell likevel tilbake på mennesket.

Det er ikkje plass her til å gå inn på alle dei områda Edsinger tek opp når det gjeld djevelen og demonane sine arbeidsområde og arbeidsmåtar, men det spenner svært vidt. Vi har ein tendens til å rasjonalisera det heile. Då gjev vi djevelen og hans demonhær fritt spelerom. Bibelen talar ofte om kamp mot makter og herskarar i himmelrommet, og vi vert oppmoda til å ta på oss Guds fulle rustning for å stå desse maktene imot. Ved at djevelen vert kalla denne verda sin fyrste, er det tydeleg at han har stor makt, men han er likevel avgrensa i forhold til Gud, og han ein dag skal bli kasta i fortapinga. Jesu siger på Golgata, er også siger over djevelen og demonane.

Vi kan gå i to grøfter i forhold til djevelen og den demoniske verda. Vi kan tenkja så abstrakt og generelt om djevelen og hans makt, at det heile vert teoretisk, slik at vi ikkje tek denne sida av åndskampen på alvor. Eller vi kan tenkja så konkret at det heile vert konsentrert om at demonar inntek folk sitt personlegdomssenter ved besetting, og det må åndsutdriving eller eksorsisme til, men då misser vi viktige aspekt ved det demoniske.

Edsinger skriv at han berre unntaksvis brukar ordet «besettelse», men heller snakkar om «demonisering», fordi det svarar meir til den bibelske omgrepsbruken. Dette trur eg er klokt, fordi då får ein betre fram spennet i djevelens arbeidsmåte og måten demonane opptrer på. Det kan spenna frå ytre påverknad av ulikt slag, via personlege angrep til å innta ein person som besetting. Då kjem ein også best til rette med måten kristne skal opptre på i kampen mot djevelen og mot demonisering.

Det viktigast i denne kampen er å leva i ordet om krossen, og ikle seg Jesu forsoningsverk og syndstilgjeving. Deretter fylgjer å tileigna seg Guds ord og be, og i nokre situasjonar konfrontasjon med djevelen i kraft av Jesu siger på Golgata og til sist åndsutdriving i Jesu namn.

Johannes Kleppa

foto: adobe stock