«Utmelding kan være best»

Det var tittelen på ei sak i Vårt Land etter at Frikyrkja har gjort vedtak om å halda fast på det klassiske kristne synet om ekteskap, og at ein med det ikkje opnar for to syn i denne saka. Eit lite mindretal var usamd i vedtaket, og då reiser det seg straks eit spørsmål om kva desse skal gjera. Det er ein nokså vanleg situasjon der det er usemje av prinsipiell eller læremessig karakter, og kan med det gje grunnlag for nokre prinsipielle og generelle refleksjonar.

I realiteten har dei som er usamde i vedtaket tre alternativ. Dei kan arbeida vidare for å endra vedtaket, dei kan innretta seg lojalt mot vedtaket eller dei kan melda seg ut. Kva ein vel av dette, er delvis ut frå kor viktig ein oppfattar spørsmål, og delvis ut frå kva ein personleg og strategisk finn rett.

Dersom ein for sin del ikkje finn saka svært viktig, i alle fall ikkje av samvitskarakter, kan ein gjerne verta verande og vera lojal mot vedtaket. I lengda kan det vera vanskeleg, anten fordi ein opplever at det går ut over eins eigen integritet eller fordi ein ikkje maktar å la vera å markera si usemje i ulike samanhengar. Det første kan vera personleg slitande, og det andre kan vera utmattande for forsamlinga.

Dersom ein vert verande for å bidra til endring av vedtaket, og med det stadig markerer motstand mot det forsamlinga står for, vil det skapa mykje strid og frustrasjon. Det tappar forsamlinga – særleg leiarane – for krefter, både åndskraft og arbeidskraft. Ei forsamling som lever i indre strid, øyder krefter og undergrev på sikt seg sjølv. Dette er det mindretalet som har ansvar for. Ein vil gjerne forsvara ein slik opptreden ut frå eiga overtyding av kva som er rett og ut frå ein demokratisk tanke. Etter mitt skjønn vert det åndeleg og kristent sett feil. Ein skal i den kristne forsamlinga ikkje arbeida ut frå demokratiske rettar, men ut frå at ein er del av eit heilagt samfunn der Anden og Ordet råder. Då arbeider ein ikkje for sitt personlege syn i opposisjon til forsamlinga sitt syn.

Det er ei redeleg sak å ha eit anna syn enn fleirtalet i ei sak, men det er etisk problematisk om ein i realiteten motarbeidar den samanhengen ein tilhøyrer. Det å vilja innføra ny lære på område der forsamlinga alt har ei kjent og fastlagt lære, er å skapa strid og splitting i forsamlinga. Det kan vera situasjonar der det er rett å fremja eit forslag til endring, fordi ein meiner det forsamlinga står for er ein ubibelsk tradisjon, men det skaper berre uro, splitting og vondt om ein prøver å tvinga forsamlinga til endring.

Ofte vil det rette og beste vera at dei som er usamde, melder seg ut og finn seg ein samanheng som deler deira syn, og der dei kan arbeida fritt. Det jo ikkje slik at ei forsamling ønskjer splid og splitting, men det er de facto splitting om ein fløy ligg i konstant opposisjon til det forsamlinga står for. Splittinga kan verta mindre omfattande og mindre øydeleggande om dei som er i opposisjon, melder seg ut. Sjølv om forsamlinga då misser medlemmer, vinn dei i samhald, frimot og åndskraft.

Det treng altså ikkje vera eit nederlag at nokre melder seg ut. Det kan tvert imot vera uttrykk for redeleg opptreden og til hjelp for at forsamlinga kan driva vidare på ein god måte. Vi bør med andre ord ikkje retta kritikk mot slike som både av omsyn til seg sjølv og forsamlinga, melder seg ut. Derimot bør vi visa dei respekt og gje dei honnør. Den tankegangen eg her har gjort gjeldande for ei forsamling, kan langt på veg også gjerast gjeldande for strid og engasjement i kristne organisasjonar og kyrkjesamfunn.

Johannes Kleppa