Kyrkjeår og advent

Vi går no inn i advent, og med det startar også ei nytt kyrkjeår. Det er ikkje alle av oss som legg så stor vekt på ulike tradisjonar og menneskelege ordningar, som kyrkjeåret er. Men også vi som er lite liturgisk orientert, og som er lågkyrkjelege i alle vår tenking og praksis, kan ha godt av å reflektera litt over kva som ligg i ordningar som har fylgt den kristne kyrkja gjennom lange tider, og i nokre tilfelle heilt tilbake til den første kristne tida. Vi kan gjerne spørja oss kvifor vi har slike ordningar, og kvifor dei har vore så livskraftige.

Det med eit kyrkjeår som ikkje fylgjer kalenderåret, er ikkje ei ny oppfinning. Det er ei ordning som kyrkja har funne tenleg gjennom århundre. Det at kyrkjeåret ikkje fylgjer kalenderåret, markerer at kyrkja ikkje er ei samfunnsordning. Kyrkja har ikkje sitt opphav eller si orientering ut frå det jordiske og menneskelege, men ut frå det himmelske og guddomelege.

Gjennom kalenderåret fylgjer vi skaperordninga med dagar, veker, månader og år, og med årstidene vinter, vår, sommar og haust. Gjennom kyrkjeåret fylgjer vi frelseshendingane og det som fylgjer med desse. Då startar det naturleg nok med jul, for å gå vidare til påske og pinse. Det gir eit godt høve til å førbu seg til dei kristne høgtidene, og fokusera på innhaldet i desse. I tillegg er det tid til å løfta fram ulike sider ved kristentrua og kristenlivet.

I adventstida kan vi fokusera på kven vi ventar på, kven han er. Vi bør ikkje minst fokusera på kvifor Herrens tenar, Messias, måtte koma. I tillegg kan vi fokusera på at han som kom, kjem att. Han som kom til frelse, kjem att med frelse.

Det er mange bibeltekstar å henta fram i adventstida, men det kan vera nyttig å henta fram tekstar frå Det gamle testamentet som profeterer og gir lovnader om ein komande frelsar, og sjå korleis desse profetiane og lovnadene til punkt og prikke vart oppfylte. Då kan vi vera sikre på at lovnadene om Herrens atterkome, også vil gå i oppfylling.

For å få hjelp til dette, kan det vera nyttig å bruka ei adventsbok som dag for dag i adventstida tek fram tekstar og tankar knytt til advent og jul. Det viktigaste er like fullt å la bibeltekstane få tala. Då vil vi verta førte til Betlehem, der bodskapen endar i eit verdshistorisk klimaks: I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids stad, han er Kristus, Herren.

Johannes Kleppa