Møter Norheimsund Bedehus, 28. og 29. nov.

Frå Spania og på veg til ein lengre møteserie i Søgne, hadde Jan-Tore Olsen nokre ledige dager, og litt «på sparket» klarte me å ordna to møter i Norheimsund Bedehus. Det er me svært takksame for!

Første kvelden, tysdag, kunne me ønskja ein flokk på ca. 20 stk. velkomen.

Eivind Straumstein leia møta, og opna første møtet med teksten frå Salme 34, 9 «Smak og sjå at Herren er god».

Og Herren er i sanning god mot oss. Jan-Tore tala over Salomos Høgsong, kap. 2. Det handlar djupast sett om meg og deg (brura) og brudgomen (Jesus). Brura  vert skildra slik: «Som ei lilje mellom klunger, slik er du mi kjæraste mellom dei unge møyane». Slik ser altså Jesus på meg og deg! Seinare i kapitelet (v. 16) uttrykkjer brura si takksemd slik (bokm.): «Min elskede er min, og jeg er hans».
Noko av det same finn me i songteksten slik: «Salige visshet, Jesus er min». Til tross for mine brister, fall og nederlag, kan eg få jubla og takka Jesus for at «Han er min brudgom, jeg er hans brud».

Onsdag kveld møtte det ein flokk på over 40 stk., og av desse ein stor andel born og unge, veldig gildt! Brit Gjerde Voster opna møtet med tekst frå Esaias 55:6 «Søk Herren medan han er å finna, kalla på han den stund han er nær», og ho minna oss om å vera reiseklare. Opninga vart avslutta med å spela av songen «Jeg hviler i nåden» sunge av Elisabeth Gjerde Haddeland, framført på ein måte som framhevar den gode teksten – lytt gjerne her: https://www.youtube.com/watch?v=0CSZ5oxy6Qs

Denne kvelden tala Jan-Tore over bl. anna Johs. 9 om Jesus som helbredar ein mann som var fødd blind. Men dei skriftlærde trudde ikkje på mannen då han sa at «den mannen som heiter Jesus», hadde helbreda han. Då han så sa: «Eitt veit eg: at eg som var blind, ser no», vart dei skriftlærde så sint på mannen at dei kasta han ut av synagoga, dei ville ikkje meir sjå han for sine augo. Men Jesus fekk høyra om dette, og leita han opp, han som dei andre ikkje ville ha noko med å gjera og som dei hadde kasta ut (v. 35).

Vidare las Jan-Tore frå Markus 5 om mannen som var besett av vonde ånder. For å setja denne eine mannen fri, gjorde Jesus det slik at dei demoniske åndene fòr inn i to tusen svin som styrta i døden utfor ei klippe. Men dei som gjette svina ville då ha Jesus bort, dei tenkte meir på rikdomen dei hadde tapt gjennom svina som var døde. Men Jesus såg denne eine, og sette han fri for vonde ånder for å berga han for himmelen.

Slik er Jesus, ikkje berre ift. dei to som er omtalt i tekstane her, men også ift. deg og meg. Takk kjære Jesus fordi du er slik! I ein sangtekst står det slik: «Jesus tek seg av den eine, som om ingen andre var. Han har tid for deg når hine, tid og time ikkje har».

Etter talen var det matøkt med smakfulle kaker og bollar, det er så flott når folk er villige og stiller opp når dei vert spurt om å bidra på ulikt vis, tusen takk! Med litt mat og pause vert det dessutan høve til å snakke med kvarandre, og ikkje berre gå heim kvar til sitt straks møtet er ferdig. Det har òg ein verdi at brødre og søstre i Kristus knytter gode band med kvarandre, me treng å stå saman.


Resten av kvelden snakka Jan-Tore om Sarepta sitt arbeid, og viste bilete frå bl. anna Marokko. Eit vakkert land og eit flott folkeslag, men der menneska diverre lever i eit mørke då knapt nokon av dei  kjenner Jesus. Å, om ein kunne få nå inn med evangeliet om Jesus, og gje dei håp om evig liv saman med Han!

Eivind visste at Jan-Tore var ein dyktig hobbyfotograf, og hadde på førehand utfordra han med ein «vill idè» om å visa nokre av desse bileta😊 Og det vart ei kjempefin avslutning på kvelden, der me fekk sjå noko av Guds fantastiske skaparverk formidla gjennom Jan-Tore sine nydelege bilete frå vår nordlege landsdel. Spisse fjelltoppar som reiser seg bratt opp av havet, vinter, snø og barske forhold, mørketida, det fantastiske nordlyset som spelar på himmelen, sommaren med blomar i alle fargenyanser, sola, månen osv…

Ein snakkar nok for alle som var til stades når ein seier det var ei mektig oppleving å få sjå desse bileta på storskjerm i ein elles mørklagt møtesal, og med tonefølgje til klassiske perler ved Johan Sebastian Bach. Det er verkeleg sant at «Fagert er landet du oss gav»!

Me er takksame for desse to møta me fekk ha. Så er det òg gildt å verta meir kjend med dei som reiser med Guds ord, og me sette stor pris på å ha Jan-Tore i heimen vår desse dagane, og å få knyta venskapsband.

Fleire forkynnarar har mange reisedøgn borte frå familien i løpet av eit år, og både den som er på reise og den som sit heime kjenner nok ofte på saknet. Viktig at ein tek godt imot den enkelte som reiser rundt slik, og at ein ber for både den som reiser og den/dei som sit heime.

Guds fred!

Jorunn & Eivind Straumstein

Norheimsund