Rådsmøte og misjonstenking

Eg skriv denne Ettertanke medan Sarepta har rådsmøte på Centro Sarepta. Dette er eit møte som ikkje er nedfelt i vedtektene, og som med det ikkje har ein formell funksjon. Styret har tenkt at det er viktig å kunna involvera tilsette og frivillige medarbeidar i tenkinga rundt Sarepta sitt arbeid. Det gjeld både å få gje informasjon og få synspunkt og innspel til arbeidet. Det er godt at styret og medarbeidane kan møtast til tillitsfull drøfting, rettleiing og inspirasjon.

Sentrale folk på Rådsmøtet i Spania er Jan-Tore Olsen og Arild Melberg. Så glade var de da vi fikk overta eindommen som nå heter Centro Sarepta. Ut fra dette bibel- og misjonssenter drives et omfattende arbeid.

Eit kvart misjonsarbeid er avhengig av tillit. Arbeidet er kort og godt tillitsbasert. Det gjeld i særleg grad for eit arbeidslag som Misjon Sarepta. Vi er ikkje ein tradisjonell organisasjon med foreiningar  og krinsar. Vi har ikkje ein demokratisk oppbygd organisasjon med valde utsendingar til årsmøte og generalforsamling. Rett nok har vi støttemedlemmar og Landsmøte, men makta og styringa ligg i all hovudsak i styret. Styret står til rett for Landsmøtet når det gjeld rekneskap, men styret kan ikkje kastast.

Ved at styret har ein så sterk posisjon må styret lytta godt til støttespelarane for arbeidet. Styret må opptre på ein slik måte at det skaper tillit, både åndeleg, økonomisk og arbeidsmessig. Opptrer styret slik at folk ikkje vil støtta opp om arbeidet, går arbeidet raskt i oppløysing. Sarepta har korkje ein organisasjon eller ein økonomi som gjer organisasjon «sjølvgåande». Dette er både styrken og veikskapen til Sarepta. Etter mitt skjønn er det mest ein styrke, om styret maktar å forvalta tilliten på ein rett og god måte.

Det er noko av det som ligg i det tillitsbaserte som kjem til uttrykk i rådsmøtet. Det er ikkje den store flokken som er samla, men det er sentrale medarbeidar som kjenner støttespelarane godt. For styret er ei opa og tillitsfull drøfting av arbeidet viktig, slik at ein veit at det er samsvar i misjonstenkinga hjå styret og dei som skal utøva arbeidet.

Det er også viktig for styret å gje nokre føringar ved forkynning og føredrag som profilerer organisasjonen, både med tanke på teologi, forkynning og arbeidsmåte. Vi har som eit slagord og motto å laga møteplassar mellom folk og Guds ord. Då er det viktig korleis vi forstår Guds ord og kva som vert forkynt. Det er viktig at heile spekteret av forkynnarnådegåver er i funksjon, slik at heile Guds råd og vilje vert forkynt, med sentrum i Jesus Kristus og han krossfest. Det gjeld at ordet om forsoninga får lyda klart, slik at folk kan koma til tru og verta rettferdiggjort.

Den åndeleg sida og med det forkynninga er det aller viktigaste, men det praktiske er også viktig. Det er ei stadig utfordring både i Noreg og Spania korleis vi skal nå folk, Vi har brukte ein god del tid til å drøfta det, ikkje minst med tanke på Centro Sarepta og arbeidet i Spania. Det er svært krevjande å nå det spanske folket med evangeliet. Det skjer mykje positivt, men vi skulle ønskja å nå enda lenger.

Også i Noreg og Norden skulle vi ønskja å nå enda fleire plassar med forkynning, og vi skulle ønskja at vi kunne ha fleire møte på kvar stad, gjerne samanhengande møteverksemd. Då treng vi enda fleire frivillig medarbeidar som kan vera med å leggja til rette for dette. Vi treng fleire forkynnarar, og vi treng fleire forbedarar og fleire gjevarar.

Om eg skal få peika på ei utfordring spesielt, er det vi må be Herren driva ut arbeidarar, og vi må be om at styret og leiinga ellers får visdom til å sjå dei nådegåvene Herren har gjeve, og frimot til å kalla desse.

Johannes Kleppa

Hovedbilde: Leder for utenlandsarbeidet: Andreas Norbye og formann i Misjon Sarepta: Johannes Kleppa