Israel og kristenleiarane

Dagen hadde nyleg ein reportasje der spørsmålet var korleis kristenleiarar stiller seg til krigen mellom Hamas og Israel. Det var nedslåande lesnad, nesten sjokkerande. Gjennomgangstonen var at dei ikkje ville uttala seg om krigen, men at dei var svært opptekne av situasjonen. Dette meiner eg er å dra seg unna eit etisk ansvar.

Underteikna er formann i den relativt nye og vesle misjonsorganisasjonen Misjon Sarepta. Med det er eg misjonsleiar, om enn i relativt beskjeden målestokk. Kvar veke skrive eg ein artikkel på heimesida til Sarepta under vignetten Ettertanke. Denne er meint som åndeleg rettleiing på vegner av Sarepta. Nokre av artiklane sender eg også til Dagen, som har brukt å ta dei inn. Her har eg i det siste skrive tre artiklar om krigen i Israel og Gaza, og ulike sider ved denne. Frå Sarepta si side har vi med det uttalt oss nokså tydeleg i saka, og eg har fått relativt mange positive tilbakemeldingar på det frå ulike hald.

Det vert sagt at ein bed for situasjonen, og særleg for dei som lid på grunn av krigen. Det er rett og godt. Det er faktisk ei kristenplikt å gjera det. Bønn kan likevel ikkje oppheva eller erstatta det å ta stilling til det som skjer etisk sett. Krig er eit etisk spørsmål, og det løyser ein ikkje berre med bønn. Det er spørsmål om kven som fører rettferdig forsvarskrig, og kven som fører urettferdig angrepskrig, og det er spørsmål om det vert utført terror. Den er den som driv angrepskrig og utfører terrorhandlingar som har hovudansvaret for det som skjer, ikkje minst for all lidinga. Det må kristenleiarar kunna seia.

Det vert også sagt at ein er oppteken med freds- og forsoningsprosessar og solidaritet med krigens offer på begge sider. Også det er rett og godt, og eit kristent ideal, men det må skje på etiske premissar. Ein kan ikkje driva freds- og forsoningsprosessar der ein stiller rett og urett, angrep og forsvar, på same lina. Det er etter rettferdig fred det kan skje rett forsoning. Freds- og forsoningsprosessar kan ikkje oppheva eller erstatt krigsetikken.

-Vi holder en lav profil i spørsmål som handler om dagsaktuell politikk, seier Espen Ottosen som forklaring på kvifor han og NLM ikkje uttalar seg i saka. Det er med respekt å melda ei svært underleg utsegn, og ho svarar ikkje til realitetane. Kristne organisasjonsleiarar uttalar seg ofte om dagsaktuell politikk, og i fremste rekkja her står Espen Ottesen – og det fortener han takk og honnør for.

Ein uttalar seg ikkje om politiske spørsmål som einsidig ligg under fornufta, slik som vegbygging og skattepolitikk, men ein uttalar seg om politiske spørsmål som inkluderer etikk og trusutøving. Sentrale spørsmål av denne karakteren er abortspørsmålet, spørsmål om kjønn, samliv og ekteskap, og ikkje minst det som gjeld kristne friskular. Krigen som Israel no står midt oppi høyrer til i denne kategorien. Det dreier seg ikkje berre om eit fornuftsspørsmål av militær karakter, men om at Israel fører rettferdig krig. Omgrepet «rettferdig krig» betyr ikkje at ein gjer alt rett, men at ein har retten på si side.

Det er ikkje snakk om å vurdera utføringa av krigen og dei militærtaktiske vala Israel gjer, men å vurdera om dei fører ein rettferdig krig mot terrororganisasjonen Hamas. For alle land er forsvarskrig rett, slik som no i Ukraina. For Israel er dette ekstremt viktig fordi ein står overfor ein fiende som har som eintydig mål å utsletta staten Israel, og det av ideologiske grunnar. Målet er å erstatt den jødiske staten med ein islamistisk stat. Hamas og all islamisme har same målet som Hitler og nazismen hadde. Det må sjølvsagt Israel ta på dødsens alvor, og då må vi også gjera det. Eg meiner det i denne situasjonen er ei kristenplikt å stå opp for Israel og jødane, og det så tydeleg som berre råd.

Det er eit viktig tilleggselement når det gjeld Israel og den aktuelle krigføringa no. Det er den lange og uhyggelege historia av jødehat, og at antisemittismen ved Hamas sin terror har blomstra kraftig opp. Antisemittismen er prinsipielt av same karakteren som kristendomsforfylging. Det dreier seg djupast sett om demonisk Kristus-forfylging (Op. 12). Det er ei kristenplikt å stå opp mot jødehatet, og det må i den dagsaktuelle situasjonen også gjerast som tydeleg støtte til Israel og folket sin kamp for å overleva som ein jødisk stat med trygge rammer for jødar. Vi må hugsa bakgrunnen for at staten Israel vart opprett i 1948. Det som gjeld landlovnadene og Israel sin rett til landet slik sett, treng vi ikkje blanda inn her. Det kan vi trygt overlata til Herren Gud.

Kristenleiarane må i den akutte situasjonen for nasjonen Israel og for jødane som folk, ikkje skygga banen eller opptre såkalt «balansert», men tydeleg plassera seg på retten si side og ivareta kristenplikta overfor det jødiske folket.

Johannes Kleppa, Bergen