Ein ideologisk angripande stat

Ei kvar styresmakt har tendens til å verta ideologisk styrande. Til lenger ut på den politiske venstresida ein kjem, til tydelegare vert dette. Det er forståinga av statens mandat, oppgåve og grenser som avgjer kor ideologisk styrande staten vert. Difor er statsforståinga veldig viktig for samfunnet. Diverre har vi i det siste også sette sterke ideologiske overtonar frå høgresida. Det kom tydeleg til uttrykk i kjønnspolitikken i Solberg-regjeringa.

Den noverande regjeringa må vera den mest ideologisk styrande vi nokon gong har hatt, faktisk så styrande at vi må kunne karakterisera Støre-regjeringa som ideologisk angripande. Arbeiderpartiet (Ap) sine ideologiske styringsinteresser kom svært tydeleg fram i mellomkrigstida, men det vart dempa noko i etterkrigstida, sjølv om Indremisjonsselskapet sin lærarskulen vart overteken av staten. Det var truleg kyrkja og lærarane sin kamp mot nazismen og nasjonalsosialismen som gjorde at det ikkje var grunnlag i folket for Ap sin avkristningsvilje då.

No er situasjonen ein annan, ved at samfunnet i stor grad har vorte avkristna. Samfunnet har vorte utan eit felles verdigrunnlag, og med det er det ikkje ideologisk kraft i samfunnet til å motstå ideologisk styring frå regjeringa, nesten same kva det gjeld og kven som sit i regjering. Kristent sett er dette ei stor utfordring på mange område. Det er no ikkje grunnlag for eit homogent kristent samfunn, men det gjeld å halda oppe rom for kristen tenking og kristen livsutfalding. Det gjeld også å påverka samfunnet mest mogleg med kristen tenking og etikk, fordi Guds skaparvilje er god for alle, anten ein trur eller ikkje.

Den ideologiske styringsviljen kjem alltid sterkast til uttrykk i det som har med opplæring og oppseding å gjera, frå barnehage til universitet. Dette har gjort at kristen tru, etikk og tenking no praktisk talt er radert ut av all offentleg oppseding og opplæring. Dette er heilt sikkert ei langt større utfordring for foreldre som vil oppdra barna sine i kristen tru og tenking, enn dei er klar over. Denne situasjonen gjer også kristne friskular ekstra aktuelle og viktige.

Etter den lovgjevinga som gjeld, er det mogleg å driva kristne friskular som tydelege kristne skular. Det er verna i menneskerettane, og det er i stor grad opp til skuledrivarane å realisera dette. Regjeringa går då utanom lovmakt og brukar økonomimakt i eit ideologisk ærend. Det er som regjeringa leitar etter måtar å stramma inn økonomisk for friskulane, og ein brukar dessutan lovmakt til å gjera det vanskeleg å starta nye friskular – fordi den offentlege skulen skal ha forkjørsrett.

Nett no har vi sett eit voldsom økonomisk-idelogisk angrep på friskulane ved at 1-10 skular skulle mista så mykje økonomisk støtte, at det i praksis vart umogleg å driva dei. No viste det seg at dette ramma så breitt og så mange, at det var umogleg å gjennomføra slik det var tenkt. Kva det endelege resultatet vert, står att å sjå. Ein samla motstand mot å bruka økonomimakt på denne måten, gav i første omgang resultat.

Det området som rammar både i skule og kyrkje, er kjønns- og samlivspolitikken. Her er den ideologiske styringa i den offentlege skulen og i barnehagane total og beinhard. Det er også sterkt press mot friskulane. Også kykjesamfunn, forkynning og sjelesorg opplever her eit sterkt press. Det heile minner om nazistane sin vilje til å styra forkynninga under siste verdskrigen. Den gongen hadde vi biskopar, prestar, frikyrkjeleiarar og organisasjonsleiarar som samla stod mot dette, og heldt fast på ei bibelforplikta forkynning. Der dette er aller tydelegast, er lovforbod mot det som svært upresis vert kalla konverteringsterapi. Det kjem også sterkt til uttrykk ved nekting av eller trugsmål om nekting av statsstøtte om ein ikkje innrettar seg etter statens ideologi når det gjeld kjønn, samliv og ekteskap.

I det aller siste meiner eg vi også har sett ein ideologisk aktiv og angripande stat i forhold til Israel. Styresmakta angrip Israel mykje sterkare enn terrororganisasjonen Hamas. Det gjeld både når statsministeren og utanriksministeren uttalar seg, og måten Noreg opptrer i FN på. I realiteten går ein islamismen sitt ærend, og ein kjem i skade for å leggja til rette for antisemittisme. Den jøde-kristne tenkinga vert underkjent og motarbeidd.

Overfor den ideologisk aktive og angripande staten er det viktig å halda opp menneskerettane, fordi desse er primært mindretalsrettar som skal hindra staten i å overkjøra folk når det gjeld ideologi, livssyn og tru. Det må få konsekvensar både når det gjeld lovgjeving og økonomisk fordeling. Det siste gjeld i særleg grad når eit land har svært høgt skatte- og avgiftsnivå, slik som i Noreg. Vi betaler samla sett omkring 2/3 av inntekta til stat, fylke og kommune. Det gjev staten svært stor økonomisk makt, og det reduserer den personleg-økonomiske makta tilsvarande. Dette gjer også at vi må tenkja oss grundig om kva tiltak vi i kristen regi vil byggja opp basert på statstilskot.

Johannes Kleppa