Israel og sideval

Ein vert stadig forundra og til tider sjokkert over korleis det vert tenkt og snakka om krigen som føregår i Midt-Austen. Noko av det mest forunderlege er at så mange vil opptre «balansert» i forholdet mellom Israel og Hamas. Ein vil ikkje ta stilling til sjølve krigen eller velja side. Det gjeld både politikarar og media, endatil regjeringa med utanriksministeren i spissen.

Det vert framstilt som kritikkverdig å ta stilling og velja side i konflikten. Det må vera nokså spesielt for denne krigen. Normalt tek ein stilling, fordi ein meiner den eine parten er angripar og den andre parten er angripen, den eine fører umoralsk angrepskrig og den andre rettferdig forsvarskrig. Det vert oppfatta svært kritikkverdig om ein ikkje tek stilling. Saka er den at krig er eit moralsk spørsmål, og i alle etiske spørsmål må ein ta silling og handla deretter. Ein kan ikkje vera moralsk nøytral.

Dette ser vi svært tydeleg i krigen i Ukraina. Her har Noreg med regjeringa i spisse teke klart standpunkt og valt side. Det gjeld Vesten i det heile, og det meste av verdssamfunnet. For Noreg sin del er dette utvetydeleg klart ved at ein endra våpenpolitikken i løpet av få veker nesten utan debatt og tverrpolitisk. Noreg hadde forbod mot å senda våpen til land i krigen, men plutseleg var det slik at ein skulle senda så mykje våpen og ammunisjon til Ukraina som berre mogleg. Dette var rett og godt. Det vert oppfatta som umoralsk ikkje å støtta Ukraina i deira rettferdige forsvarskrig. Den einaste forsvarlege utgangen er ein rettferdig fred. Det burde vera til ettertanke at dei landa som støttar Hamas, i stor grad er dei same som støttar Putin.

Går vi tilbake til andre verdskrigen er også dette utvetydig klart. Det vart oppfatta som landssvik ikkje å ta stilling mot Tyskland og nazismen. Folk som ikkje ville ta tydeleg stilling vart omtalte som stripete, og det var å forstå som ein moralsk uhaldbar posisjon. Sverige har fått mykje kritikk for at dei ville vera nøytrale i den aktuelle situasjonen, fordi det i realiteten var til hjelp for nazismen.

Slik kunne vi halda fram med å nemna krig etter krig. Då USA vart angripe og fekk sitt 11. september, vart det endatil akseptert og forsvart å gå til krig mot eit land i ein annan verdsdel, fordi fienden fekk tilhald der. Noreg deltok her aktivt. FN sin handmåte og Noreg si opptreden der, står også til stryk. Det er den som forsvarer seg som får kritikk, medan terrororganisasjonen går fri.

Det å ha politiske samtalar med fienden har aldri vore akseptert, men i denne samanhengen vert det oppfatta som positivt. Det er som om styresmakta under siste verdskrigen skulle ringt til Hitler og drøfta situasjonen med han. Det er berre for eitt tilfelle slik kontakt kunne vera forsvarleg, og det er å ringja med ein ultimat bodskap om å leggja ned våpna og avslutta krig og trerror. I staden for å formana Israel til å dempa krigføringa, skulle bodskapen frå alle statsleiarar vore at Hamas umiddelbart måtte leggja ned sin våpen, for så å overgje alle våpen og all ammunisjon til Israel. Det burde media fokusert på og vore pådrivar til. Den dagen det ikkje er våpen som er retta mot Israel, er det fred i regionen.

Når no den eine kjendisen etter den andre står fram med plakat der hovudbodskapenj er «Fritt Palestina», må ein lura på om dei veit kva dei gjer. I Hamas sin ideologi betyr det at Israel vert utsletta, og at eit islamsk «Palestina» dekkjer heile området. Også etter terroren 7. oktober har Hamas-leiarar gjort utvetydig klart at det er målet, og at dei vil gjenta 7. oktober til det er oppnådd. Det er sjølvsagt uttrykk for rein antisemittisme, og for legitimering av terror og heilag krig for å nå sine mål.

Det er ufatteleg at politikarar, mediafolk, kjendisar og endatil kyrkjeleiarar ikkje ser dette, og tek eintydige side for Israel. I ein kvar annan krigssituasjon ville dei ha gjort det. Det å seia at Israel har rett til å forsvara seg, er berre ei teoretisk prinsipputsegn som betyr lite eller ingen ting, så lenge ein ikkje plasserer seg på Israel si side mot terrororganisasjonen Hamas. Balanse mellom brutal terror og rettmessig forsvarskrig, er meiningslaust og moralsk opprørande. Det å ikkje vilja ta stilling der den eine parten vil utsletta den andre, og denne parten kjempar for livet for å overleva, er absurd og å gå dødens ærend. Det burde vera sjølvinnlysande å stilla seg heilt og fullt på Israel si side.

Johannes Kleppa