Endra syn «i hjertene»

For litt sidan hevda Andreas Masvie i Dagen at det skjer ei liberalisering i etikken, og då spesifikt i samlivs- og ekteskapsetikken, i kristenfolket. Det har lenge skjedd i Den norske kyrkja, men no skjer det på eit breiare plan, inklusivt i frikyrkjene. Sjølv om dette ikkje har kome fullt ut til syne, meiner Masvie at det har skjedd ei endring av syn «i hjertene».

Det er vanskeleg å vurdera kor store endringar det er, så lenge det ikkje har kome til overflata. Samstundes er det eit faktum at fleire av frikyrkjene, både av luthersk og ikkje-luthersk karakter, har vore gjennom omfattande drøftingar av samlivsetikken, og det er sentrale folk i ulike samanhengar som ope har gått inn for det nye og liberale synet med tanke på homoseksuelt samliv og samkjønna ekteskap.

Tarjei Gilje, som er godt orientert, har hevda at det nye synet ikkje har så stor oppslutnad som ein kan få inntrykk av. Det er relativt få personar og forsamlingar som får uproporsjonalt mykje oppslag i media. Ut frå den organisatoriske behandlinga i ansvarlege organ i dei ulike kyrkjesamfunna, har han truleg rett i det, i alle fall formelt sett. Det store spørsmålet er om Masvie har rett i at det alt har skjedd ei endring i mange kristne sine hjarto, men at tida enda ikkje har vore inne til at det har kome ope til uttrykk.

For fleire år sidan skreiv eg at frikyrkjene, etter mi vurdering, ikkje tok spørsmålet nok på alvor, men opptrådte som om det berre var ei sak for Den norske kyrkja og i luthersk samanheng. Det trur eg framleis var ei rett vurdering, og med det har fleire vore på etterskot i drøftinga av saka. Dessutan er det slik at i fleire ikkje-lutherske samanhengar har ein ikkje tradisjon for å drøfta teologi og ta debattar av læremessig og etisk karakter, fordi ein har orientert seg i stor grad ut frå personleg erfaring og oppleving i trusspørsmål. Dette har endra seg dei seinare år, ved at ein har teke teologisk utdanning og orientering på større alvor. Det er bra, om ein ikkje vert så akademisk oppteken at ein nedtonar den bibelske forpliktinga og åndsdimensjonen i teologien, særleg openberringsspørsmålet.

Dei kristne organisasjonane og Bedehus-Noreg har i større grad enn frikyrkjene vore tvungne til å gå inn i den aktuelle debatten om samlivsspørsmål, fordi mange her har eit meir eller mindre aktivt forhold til Den norske kyrkja. Det er likevel grunn til å vera på vakt, slik at ein ikkje overser det som skjer i eigen samanheng, fordi ein fokuserer på prestar og biskopar, teologi og presteutdanning. Det er ei åndeleg lov at dersom ein ikkje arbeider læremessig medvite med eit spørsmål, glid ein i same leia som teologien generelt.

Som forklaring på endring i syn, særleg på eit umedvite plan i hjarta, peikar Masvie på fylgjane: «Et indre undervisningsvakuum, ytre skeptiske blikk, vonde erfaringer som blir løftet fram og en endret sosiologisk virkelighet.» Dette trur eg han har mykje rett i, og det med «undervisningsvakuum» har eg peike på ovafor.

Eg trur det ligg mykje i det som går på det personlege planet gjennom ulike typar erfaring, særleg når det vert halde saman med eit kritisk blikk utafrå og den nye haldninga som har utvikla seg i samfunnet – altså den nye sosiologiske situasjonen. Det er eit press i tida på kva som er rett, og det vert ein påverka av anten ein vil det eller ikkje, og anten ein er klar over det eller ikkje. Då dannar det seg lett eit nytt syn i hjarta, og når det oppstår situasjonar i familien eller i forsamlinga som aktualiserer det, pregar det haldninga og argumentasjonen. I første omgang ved at ein teier still, i andre omgang ved at ein viser forståing for det nye synet, i tredje omgang ved at ein hevdar det er eit forsvarleg syn og i siste omgang ved at ein går inn for det. Det siste skjer når situasjonen er slik at ein vil oppleva ein viss legitimitet for endring av syn.

Kor langt det med eit nytt syn «i hjertene» har kome, veit eg ikkje, men eg trur det er ein innfallsvinkel til spørsmålet som det er stor grunn til å ta på alvor, også i samanhengar som meiner seg å stå bibelsk støtt i saka.

Johannes Kleppa