Feilskjer i politikken

Det er ei nokså allmenn erfaring at folk ikkje er feilfrie, heller ikkje politikarar. Når det skjer feil, kan ein likevel nokre gonger få inntrykk av at det er eit krav om at folk – kanskje særleg politikarar – skal vera feilfrie. Media kan slik sett til tider vera nokså nådelause, og nokre gonger har det fått katastrofale fylgjer for folk. Folk må faktisk få lov til å feila, om vi skal ha eit samfunn som fungerer. Samstundes kan ikkje feil og urett få lov til å utvikla seg og leva fritt. Det må nokre gonger oppgjer til.

Det har vore fleire saker om ulike typar inhabilitet i det siste, og det har toppa seg ganske voldsomt når det gjeld vår tidlegare statsminister og hennar mann. Eg skal ikkje gå inn i ei faktisk vurdering av denne saka eller inn i politiske konsekvensar som det må eller kan ha. Derimot vil eg gje nokre refleksjonar om haldningar og språkbruk i slike saker. Vi får minna om at ikkje alle feilskjer innan politikken er kriminelle eller brot på samfunnet sine lover. Det dreier seg ofte om reglar som er laga for det politiske arbeidet – og det er legetime reglar for at politikken skal fungera tillitsvekkande.

Når vi skal vurdera og omtala slike saker, kjem vi lett mellom borken og veden – i alle fall om vi legg kristen tenking og etikk til grunn. For det eine er det slik at alt vi steller med skal tåla lyset. Det gjeld sjølvsagt også i politikken. Det krev at ein er open, ærleg og sann. Media har ei oppgåve i å avdekka kritikkverdige forhold, slik at ein kan ta oppgjer med det og få ei endring til det betre. Då brukar media lyskastaren, og den kan til tider vera nådelaust skarp.

Bibelen formanar oss til å leva i lyset, men det er knapt oppmodingar i Skrifta til å setja lyskastaren på andre, i alle fall ikkje til å forstørra feila eller til mistenkeleggjering. Derimot er det ei åtvaring mot å framheva flisa i andre sine augo, medan ein ikkje ser bjelken i eige auga. Kanskje media skulle tenkja litt på det når dei driv som hardast på med avsløring. Kanskje ein og annan skulle spørja seg om ein sjølv hadde stått seg, om ein fekk lyskastaren like sterkt på seg sjølv som ein set han på andre. Det er noko med proporsjonar.

 Det har også til tider med ein mistenkeleggjerande språk bruk å gjera. Det vert ofte snakka om «kan», og det så mange gonger at ein til sist høyrer det som «har» eller «er». Då går det altså frå eit tenkt tilfelle og noko som er mogleg, til eit faktisk forhold, altså at det er slik. For den som vert ramma av slik språkbruk, er det uhyre vanskeleg å forsvara seg eller reinvaska seg.

Skrifta har ei oppmoding om å skjula synder. Det er ei vanskeleg øving for nokon kvar, og særleg for media. Det vert nok gjort på bestemte område, men på andre synest det motsette å vera idealet. Eg skal ikkje gje nokon fasit på korleis dette skal praktiserast. Eg minner berre om denne bibelske formaninga, særleg med tanke på korleis kristne opptrer i møte med andre sine fall og nederlag.

I forklaringa til bodet om at du ikkje skal lyga, men tala sant, seier Luther at vi skal «ta alt opp i beste meining». Det er slett ikkje lett, korkje når det er noko som rammar ein sjølv, eller når det gjeld den offentlege debatten. I politiske debattar vert eg nokre gonger nokså oppgitt, fordi motparten synest å ta alt i verste meining og utleggja det så negativt som mogleg, for å koma best mogleg ut med eigne standpunkt. Det forkvaklar til tider debatten, slik at vi ikkje vert skikkeleg opplyste. I lengda vinn dei som opptrer sakleg, og prøver å forstå motparten.

Det er lett gjort å opptre og snakka slik at det sender mistanke inn over folk, både med tanke på kva dei har gjort, kva dei har tenkt og kva målet er. Det er kristent sett ikkje rett. Vi får hugsa splinten og bjelken, å skjula synder og ta alt opp i beste meining. Dette betyr ikkje at vi skal forsvara urett, tvert imot. Poenget er at urettmessig kritikk og mistenkeleggjering, hindrar og svekker oppgjer med faktisk urett.

Til sist: Bibelen formanar oss til å be for styresmaktene og for alle i høg stilling. Det kan særleg trengjast der det har skjedd feilskjer.

Johannes Kleppa