Å vandre trygt i tåka

Det var tåke i Lifjell då det var invitert til bibelhelg for unge voksne helga 15. – 17. september 2023. – Tjukk tåke. Den nydelege utsikta frå Jønnbu Fjellkyrkje over Bø og Nordsjø låg skjult bak eit grått teppe. Deltakarane måtte berre forestille seg korleis omgjevnadane såg ut då dei køyrde opp alle bakkane til fjellkyrkja som ligg på 755 moh. Mange hadde køyrt langt, og det var godt å komme fram og bli møtt av duften av nysteikte pizzasbollar då dei gjekk inn i hovedbygget, som rommar møtesal, matsal og peisestove. Ca 240 pizzasbollar var bakt av den frivillige kjøkken-gjengen til dei over 60 påmeldte deltakarane. 

Jan-Tore Olsen var invitert til å tale på bibelhelga, og gjennom kveldsmøter og bibeltimar fekk han ta oss med inn i ein opna Bibel og forkynne Kristus for oss, slik som Filip og Paulus gjorde for lenge sidan. Jesus bryr seg om den eine, og ønskar at alle skal bli bevart på vegen heim til Himmelen. Det er dette som er litt av tanken bak bibelhelgene. Å få samle unge-voksne frå heile landet, og skape ein møteplass mellom mennesker og Guds ord, men også mennesker imellom. Vi treng alle eit dagleg møte med Guds Ord i tillegg til gode medvandrar, dersom vi skal nå heilt heim.

På laurdag var det lagt opp til fjelltur, men då det viste seg at tåka ikke hadde tenkt å lette med det første vart det endring i planane. Den planlagde toppturen til ein av dei høgare toppane vart bytta ut med «Tretoppern», – ei familievennlig rundløype over Bøkstulnatten, Krintofjellet og Anebunatten. Men når tåka er så tjukk som graut er det likevel ingen problem å gå seg vill i fjellet. Dermed vart det plassert ein stødig turguide som er lokalkjent fremst i turfølget, medan eg tusla bakerst og passa på at alle holdt følge, og at ingen vart hengande etter. Dermed kunne flokken på rundt 40 tusle trygt avgarde i tåka, sjølv om dei ikkje kjendte vegen.

Denne turen fekk meg til å tenke på Israelsfolket då dei vandra gjennom Rødehavet og vidare gjennom ørkenen. Herren gjekk føre dei og viste veg, men han gjekk også bak dei og beskytta de ifrå egyptarane

«Og Herren gikk foran dem, om dagen i en skystøtte for å lede dem på veien, og om natten i en ildstøtte for å lyse for dem. Slik kunne de dra frem både dag og natt.»
– 2. Mos 13:21

«Guds engel, som gikk foran Israels leir, flyttet seg og stilte seg bak dem. Slik kom den mellom egypternes leir og Israels leir»
– 2. Mos 14:19-20

Det var igrunn ganske fint å vandre slik i tåka, midt i nuet, saman med andre som var på same veg og som hadde det same målet. På tross av at vi ikkje hadde målet for auga, visste turguiden nøyaktig kor vi skulle og kor han skulle lede oss. Slik er det med Jesus og. Sjølv om vi ikkje alltid ser kor vi skal gå så kjenner han vegen. Og han har sagt at vi skal få gå i hans fotspor. Vi kom trygt opp, og like trygt ned igjen, og utan å miste ein einaste ein.

Det var ein del som valde å bli igjen på Jønnbu for å kvile og ta det med ro framfor å bli med til fjells. Dei fekk tilbodet om å vere med på høgtlesing frå Eferserbrevet. Tenken på at Gud har utvalgt oss, før verdas grunnvoll vart lagd, til å få barnekår hos seg ved Jesus Kristus, vart stort for flokken som var samla. Himmelens Herre vil ha med oss å gjere. Etter samlinga vart det fyra opp i grillhytta og klartgjort for grilling til turgjengen kom ned igjen frå fjellet.  

Det vart ei god helg på mange måtar. God mat, god forkynnelse, flott vitnestund, song, gode samtalar og brettspel og kaffikos forran peisen var berre stikkord frå helga. Bønnemøta på morgonen før frukost minna mest om ei koselig adventsstund, og sørga for ein god start på dagen.

På søndagen vart tåketeppet dratt til side og avslørte eit Lifjell bada i sol og knallblå himmel. Fleire tok med kaffikoppen ut i solveggen og naut varmen og utsikta, før dei tok fatt på den lange heimvegen. Helga gjekk mot slutten og til avslutning vart det lest høgt frå songen i Sangboka som står på nummer 449 og i vers 4 står det:

Ja, vi målet når,
Jesus foran går.
Ham vi trofast her vil følge
Selv igjennom dødens bølge
Frem til livsens strand,
Til vårt fedreland.

Med ønske om ei trygg reise heim, og eit håp om å snart få møtes igjen reiste vi kvar til vårt. Det største håpet var likevel å ein dag få møtes igjen i Himmelen.

Andrine Kvamme Bergsland