Kristne friskular på Centro Sarepta

Etter kvart har vi hatt mange kristne friskular på Centro Sarepta. Denne veka har vi hatt gleda av å ha tiande klasse frå to Oasen-skular, Mandal og Vågsbygd. Oasen-skulane utgjer no sju skular, inkludert ein vidaregåande skule, med totalt 7-800 elevar. Det er fleire skular under planlegging i dette skulesystemet, og det er tre frikyrkjer på Sørlandet som står som eigarar. Det er altså eit forholdsvis stort skulearbeid, og det er eit friskulesystem i vokster. Det er gledeleg.

Med elevar og lærarar har det vore ca 25 «Oasen-folk» på senteret denne veka. Eg var heldig å få vera her samstundes, og det har vore ei sann glede å ha dei her. Dei har oppført seg eksemplarisk, og dei har vore svært aktive og nytta dagane godt. Dei har delteke på den spansk-norske morgonsamlinga med andakt, bønn og sang. Dei har også delteke på ein undervisningstime kvar dag – to timar om Jesu møte med einskildpersonar og ein om diakoni. Dei har også vitja to av dei diakonale tiltaka som Sarepta støttar og samarbeidar med. Dessutan ha dei fått ei kort innføring i kva land Spania er, korleis den kristne situasjonen i landet er og i Sarepta sitt arbeid. Ut over det har dei sjølvsagt hatt diverse turar og opplegg for seg sjølv.

Eg trur alt dette, alt dei har høyrt, sett og opplevd, er av stor verdi for elevane. Det er også av stor verdi for Sarepta å ha slike skulebesøk og det opplevest veldig meiningsfullt med tanke på Centro Sarepta sitt oppdrag. Her får vi altså møta unge over fleire dagar med Guds ord, inkludera dei i bønn og gje dei eit møte med Sarepta sitt arbeid. Det er viktig i seg sjølv, og vi trur og vonar at nokre vil koma tilbake til senteret i andre samanhengar – kanskje som elevar her etter kvart. Dei to neste vekene skal det komme to nye Oasen-skular hit, og vi ser fram til det. Seinare kjem også andre skular. Slike store grupper er sjølvsagt også viktige økonomiske bidrag til drift av senteret, og med det til misjonsarbeidet.

Kristne friskular har fleire viktige oppdrag og moment ved seg. Det aller viktigaste, i alle fall det som det meste av tida vert brukt til, er undervisning som gjev fagleg kunnskap basert på kristen tru og tenking. Skulane har også ei viktig diakonal oppgave ved å ta seg godt av elevar som slit eller som kjem frå familiar som strevar eller er i oppløysing. Denne sidan har nok berre vorte viktigare med åra. Det kan vera ei stor utfordring for nokre skular, men ein må sjå dette inn under det diakonale ansvaret Guds folk har, og med det sjå det som ei viktig og positiv oppgåve.

Praktisk talt alle skular reiser på tur eller leirskule no til dags, slike turar og leirar skal ha eit fagleg opplegg. Elevane skal lære noko, men då på anna måte enn i den vanlege skulekvardagen, og gjerne få kunnskap som dei vanskeleg kan få i klasserommet. Kristne friskular kan då nytta høve til å gje kunnskap om land og kulturar, men også om kristenliv og misjonsarbeid. Det har altså Oasen-skulane vald, og det fortener dei honnør for. Det er viktig å gje dei unge kontakt med misjon og kyrkjeliv i andre land. I den samanhengen er Centro Sarepta eit godt alternativ og ei god hjelp.

Må Herrens nåde og visdom kvila over dei kristne friskulane i deira daglege opplærings- og danningsarbeid, men også i å gje dei unge eit møtet med misjon og misjonskall.

Johannes Kleppa