Centro Sarepta og openberring

Eit nytt skuleår har starta ved Centro Sarepta. Vi har ikkje fått faste elevar gjennom heile året, men på den nordiske delen har vi to flotte volontørar frå Danmark, Andrea Tarbensen og Elina Odisho . Dei har alt gått godt inn i arbeidet. Fram over hausten kjem det fleire skuleklassar og ein god del gjester som vil vera her ei veke eller to. Dei fleste er frå Noreg, men vi har folk både frå Sverige, Danmark og Island. Eit svensk ektepar, Ann-Charlotte og Janne Smetana, har nettopp byrja, og dei trur vi skal verta gode medarbeidarar framover.

Når det gjeld spansktalande, har vi ikkje kome i gang med nokon klasse, men det kan skje i løpet av hausten. Det er regelmessig undervisning digitalt, og ein god del reising rundt om i landet. I tillegg kjem det diakonale arbeidet. På senteret har det vore mykje spansk å høyra i det siste. For nokre dagar sidar var det ungdomsleir, og no er det familieleir. Dette er ikkje i Sarepta sin regi, men det er forsamlingar som leigar staden til dette. Det opplevest svært meiningsfullt, og det pleier alltid vera gode tilbakemeldingar frå slike arrangement.

Den første undervisningsveka har tema vore Bibelen og Jesu likningar. Når vi set opp Bibelen som tema i starte av skuleåret, er det fordi det er viktig å vera klar over kva bok dette er, kva bodskap boka har og korleis vi skal lesa henne. Det er mange sider som kan fokuserast på når det gjeld Bibelen, men det aller viktigaste er å løfta fram at Bibelen som Guds ord er openberring, og kva det inneber.

Openberring er kort sagt at vi får ein kunnskap som vi ikkje kunne få på anna vis, og det er ein kunnskap som vi er heilt avhengig av for å verta frelste. Ved openberring meddeler Gud oss menneske her på jorda ein kunnskap som han har i sitt hjarta og i sin himmel. Sidan vi ikkje kan sjå inn i Guds hjarta eller reisa til himmelen og oppsøkja kunnskapen der, er vi avhengig av at Gud sender oss denne kunnskapen ned til jorda. Det har han gjort ved sin Ande gjennom profetane og apostlane. Desse tala ikkje av seg sjølv, men drivne av Den heilage Ande.

Sidan openberring ikkje er direkte meddeling frå Guds hjarta til vårt hjarta, men går via ord og bodskap, er Bibelen avgjerande viktig. For å nå oss med bodskapen om og til frelse, brukar Gud Ordet som nådemiddel. Då må Bibelens ord både ha autoritet og vera påliteleg. Det er dei fordi profetane og apostlane opptrer på Guds vegne, og då med Guds autoritet og dei er like pålitelege som Gud sjølv. Vi skal altså lesa det Paulus og dei andre apostlane skriv i breva sine, på same måten som vi i evangelia les det Jesus seier.

Skal Ordet vera effektivt som nådemiddel, må det ha åndskraft og overtydingsmakt i seg. Det har det fordi det er eit inspirert ord. Det vi kalla Bibelens inspirasjon, er at orda i denne boka har gått ut frå Guds munn. Dei er utanda av Gud. Samstundes har Gud blese sin Ande inn i Bibelens ord, slik at dei er berarar av Anden. Dei er innanda. Dette gjer at Ordet er verkekraftig og kan overtyda oss om synd og behovet for frelse, og samstundes overtyda oss om at Jesus har sont for syndene våre og med det skapa tillit i hjarta vårt til han og hans frelse.

Jesu frelsesverk skjedde på krossen på Golgata, men det er viktig å merka seg at frelsesverket alltid kjem til oss som «ordet om krossen». Krossen står ikkje åleine eller vert gjort gjeldande direkte, men alltid via Ordet og openberringa. Dei som vil ha meir innføring i den openberringa Bibelen gir oss, og konsekvensane av denne, er hjarteleg velkomne til undervisninga på Centro Sarepta. Sjølv om det er ein god del folk ut over hausten, er det dei alle fleste vekene plass til fleire!

Johannes Kleppa