Unge-vaksne leir på Jønnbu

15. – 17. september 2023 ønsker vi igjen å invitere unge-vaksne i alderen 20 – 40 år til bibelhelg i vakre Lifjell! Leirstaden heiter Jønnbu Fjellkyrkje og ligg i Bø i Midt-Telemark -17 min frå Bø sentrum der det er gode tog- og bussforbindelsar.

Jan-Tore Olsen blir med som talar denne helga. Han var med å starte Misjon Sarepta, og er i dag forkynnar, misjonær og leiande rådgjevar i organisasjonen. Han har tidlegare vore i NLM og har blant anna vore misjonær i Bolivia. Alle er hjarteleg velkommen til denne bibelhelga uansett bakgrunn eller tilhørigheit.

Bibelhelga er lagt inn under organisasjonen Sarepta, som arbeider for at stadig fleire mennesker, både lokalt og på verdsvid basis, kan få møte Jesus Kristus til frelse og nytt liv, og leiast inn i Guds Ord. Sarepta ønskar å skape møteplasser mellom Guds Ord og mennesker, og vi ønskar at denne helga skal få vere nettopp det. Vi i komiteen har dei siste åra arrangert fleire bibelhelger for unge-voksne, og vi ser behovet for slike møteplassar som dette. Livet har sine oppturar og nedturar, og vi ser viktigheita av å ha ein nær relasjon til Jesus og gode medvandrarar gjennom livet. Vi ønskar at det denne helga skal vere mogleg å komme avsides med Jesus, og få senke skuldrene og nyte ei helg på fjellet med nye og gamle vener. Vi håpar og ber om at helga må bli ein god rasteplass der ein kan få hente nye krefter til vandringa vidare. «Han (Jesus) sier da til dem: Kom med til et øde sted hvor vi kan være for oss selv, og hvil dere litt!» – Markus 6:31

Programmet for helga finn du lenger nede på sida. Pris: Fredag – søndag: 1000 kr per pers. Dette inkluderar overnatting og mat. Enkeltrom: 1400 kr. (Vi kan ikkje love at alle som ønskar får enkeltrom, men vi skal gjere så godt vi kan.)

Dagstur:

Kun måltid fredag: 100 kr.

Kun måltid laurdag: 400 kr

Kun måltid søndag: 300 kr

Møta er gratis

Alder: Leiren arrangerast for unge-voksne i alderen 20 – 40 år.

Babyar opp til 1 år kan også bli med.

Ønskar du å ta med hund ta kontakt med Andrine for avklaring.

Påmelding:

https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfojT_QamYcDBla0bZZwSLeMe7fMvKDrm1Aq-_UxR7milQw9A/viewform?usp=sf_link

Ved påmelding oppgi om du har matallergiar, og evt. annan relevant informasjon som vi bør ta hensyn til. Kom også gjerne med romønsker. Det er viktig at du oppgir ca. tidspunkt for ankomst og avreise når dette er avklart, så vi får berekna riktig mengde mat til måltida. Påmeldingsfrist: 1. sept 2023 Spørsmål? Send epost til Andrine: andrinekvamme@hotmail.com Hjarteleg velkommen! Helsing arrangementskomiteen: Ragnar Nørstrud, Randi Therese Martinussen, Sondre Rivrud, Olav Andreas Bergsland og Andrine Kvamme Bergsland.

Åpne

Andrine