Be for kristne lærarar og kristne friskular

Det kjem stadig angrep på kristne friskular, og det oppstår stadig debatt om deira plass i det norske skulestellet. Dette er utfordrande og det tek tid og krefter i Friskule-Noreg, men det er noko ein i stor grad har lært seg å leva med.

Det som nok for tida er vanskelegare, er den økonomiske utfordringa friskulane står overfor. Det har med støtteordninga å gjera, og det at regjeringa brukar økonomimakt mot desse skulane så godt dei kan. Dette har gjort at fleire skular går på sparebluss for tida, og at eigarane har måtta gå inn med store summar for å halda drifta oppe. Dette gjer det vanskeleg å ha ei offensiv haldning på friskulesektoren, men heldigvis vert det starta nokre nye kristne skular og eksisterande skular får nye og moderne lokalitetar.

Det mest avgjerande for at kristne skular skal ha livets rett og med det få gjera si store samfunns- og misjonsoppgåve, er at kristenfolket sender borna sine dit. Som eg har skrive før, er det for meg ufatteleg at ikkje fleire nyttar seg av denne hjelpa til å bevara dei unge hjå Jesus og gje dei kristen opplæring som formar livet etter bibelske ideal. Det burde vore lange ventelister ved dei kristne friskulane og stort trykk for å få etablert slik der dette alternativet manglar.

Sidan dei aller fleste stader er utan ein kristen friskule, og sidan ca 95 prosent av elevane i landet går på offentlege skular, er også desse viktige. Foreldra bør fylgja nøye med på kva borna lærer på skulen, særleg i etiske og verdimessig spørsmål. Sjølv om ramma har vorte trong for kristen påverknad i den offentlege skulen, kan enda kristne lærarar hå ei viss påverknad, og i alle fall hindra eller redusera ei etisk og livssynsmessig negativ påverknad.

Det som ligg meg mest på hjarta i denne ettertanken, er å minna kristenfolket om å be for dei kristne lærarane og dei kristne friskulane – på alle plan og i alle skuleslag. Be Herren driva ut arbeidarar også i skulesektoren. Det er mange ulike og viktige yrke, men det er ikkje mykje som overgår det å vera lærar. Då er ein med og formar dei oppveksande slektene i tru og tanke. Det er ei ansvarsfull og ei privilegert oppgåve, og difor har ein også i kristen samanheng talt om kallet til å verta lærar eller lærarkallet.

I den kristne friskulen er det eit vidare rom for den kristne læraren enn i den offentlege skulen, fordi her ligg rammevilkåra til rette for å formidla kristen tru og tanke. Både planverket og skulekvardagen står i den kristne påverknaden sitt teikn. Det er ikkje berre at læraren kan gje kristen påverknad, men han eller ho skal gjera det. Det er ikkje snakk om å redusera eller hindra det som er galt eller usunt, det gjeld aktivt og etter beste evne å fremja det som er rett og sunt.

Det er av ulike grunnar krevjande å vera kristen lærar, både i den offentlege og den kristne skulen. Samfunnet og tidsånda er utfordrande, og mange elevar slit på det personlege planet eller kjem frå oppløyste heimar. Lærarane og skulane treng difor omsorg og forbøn.

Eg er ikkje lærarar, men eg har hatt den gleda å vera involvert i kristne friskular både når det gjeld høgskular, vidaregåande skule og grunnskular. Det gjeld både i styresamanheng, føredrag ved oppstart av kristne grunnskular, føredrag ved planleggingsdagar og på anna vis. Eg har då møtt både foreldre og tilsette ved skulane som verkeleg vil elevane sitt beste og som vil tena Gud i skulen. Det har skapt bøneengasjement, og det bør vera ein stor hær av forbedarar bak kristne lærarar og kristne skular.

Gje dei kristne lærarane og dei kristne friskulane ein god skulestart gjennom ekstra forbøn!

Johannes Kleppa