Pengar til bil – takk!

Idet eg skriv desse linene har det kome inn kr 70.000 til kjøp av «ny» bil. Det er veldig bra, og vi er svært takksame. Pengane trengst virkeleg.

Det hadde seg slik at samstundes med at den gamle bilen havarerte, fekk vi også ein stor reparasjon på 9-seteren. Vi fekk totalt kr 75.000 i bilutgifter som det ikkje var budsjettert for. Dersom det kjem nokre «bil-kroner» også etter desse linene er skrivne, kan vi altså få dekka heile den ekstrakostnaden.

For tida er det slik for Sarepta at inntektene ligg litt etter utgiftene, og bufferen på kontoen, minkar meir enn vi likar. I den situasjonen er det ekstra kjærkome med ekstragåver som dekker ekstrautgifter.

Vi seier altså hjarteleg takk for «bil-pengane», og for den oppmuntringa som ligg i eit slikt ekstra løft, og så håper vi på gode sommargåver, slik at den satsinga vi gjer både i Spania og i Noreg kan halda fram.

Johannes Kleppa