Kristi himmelfart – forsonaren i himmelen

Vi har nett feira Kristi himmelfartsdag. Det er ein lite påakta kristen høgtidsdag. Dagen går stort sett hus forbi som ein grei fridag i mai, ikkje minst i år då dagen fall på 18. mai. Denne dagen står for ei viktig frelseshistorisk hending, så det er tragisk at det er slik.

Eg kom til å høyra på radioen då eg kjørte bil, og der tok dei til mi overrasking opp kva hending Kristi himmelfartsdag er. Dei hadde fått ein teologisk professor til å forklara dagen både kyrkjehistorisk og teologisk. Alt det professoren sa var rett, men det var ein påfallande mangel. Han understreka det viktige ved dagen, at Jesus då inntok plassen som allherskar, at himmelfarten førte med seg Andens kome til jorda og pinse, og kor viktig dette var for kyrkja.

Det professoren ikkje kommenterte, var det som gjeld forsoninga. Om det var ein glipp eller om det var uttrykk for hans teologiske tenking, veit eg ikkje. Eg trur og vonar det var det første, men det var likevel nokså teologisk tidstypisk. Jesu død som straffelding og soningsdød, der han ved Kristi offer forsonar verda med deg sjølv, er lite i fokus i mykje av teologien for tida. Talen om forsoninga er nesten heilt bort, eller i alle fall sterkt nedtont og til tider fornekta, og då kjem gjerne Jesu siger, makt og omsorg i sentrum. Isolert sett er det ikkje noko gale i det, men når det ikkje har sin basis i forsoningsverket, vert det feil, og det undergrev evangeliet og tappar åndskraft.

Det er rett at Jesus ved sin himmelfart inntok plassen ved Guds høgre side, som er allmaktsplassen. Jesus utøver med det Guds allmakt. Slik makt hadde han også før sitt jordeliv. Det ser vi ikkje minst ved at universet vart til ved han, og at det er han som held det oppe ved sitt ord. Ved himmelfarten vart det ein ny dimensjon i utøvinga av Guds allmakt, ved at det er dei naglemerka hendene som har og utøver denne makta. Det garanterer på ein spesiell måte at allmakta ikkje berre vert brukt ut frå at Gud er heilag og til dom, men også ut frå at Gud er kjærleik og i teneste for frelsa. Når vi er i Jesu hender med våre liv og med vår død, er vi samstundes i allmakthendene og forsonarhendene. Tryggare stad eksisterer ikkje.

Det som er minst like viktig med tanke på Kristi himmelfart og forsoninga, er at Hebrearbrevet seier at Jesus ved sin himmelfart gjekk like inn i himmelen, «der han no openberrar seg for Guds åsyn for vår skuld». (Heb 9,24) Det er veldig sterkt sagt, fordi openberring betyr at noko som var ukjent, vert gjort kjent. Frå ei side sett hadde forsoninga vore gjeldande i himmelen frå før verda vart skapt, fordi denne var i Guds frie og urokkelege råd frå æva. Frå andre sida sett var det først etter forsoningsverket på Golgata dette kunne visast fram og seiast å vera fullført. Jesus drog til jorda for å sona mennesket sine synder, og han kom tilbake til himmelen etter fullført oppdrag som forsonar.

Jesus syner seg for Guds ansikt for vår skuld eller i vår stad. Apostelen Johannes seier at Jesus inn for Faderen er vår talsmann, Den Rettferdige, og han står for Gud som ei soning for syndene våre (1 Joh 2,1f). Dette betyr at når Gud skal sjå på den som har søkt tilflukt hjå Jesus, altså trur på han, ser Gud Jesus, då ser Gud soning for synd og rettferd. I dette ligg frelsa og frelsesvissa. Dette er den absolutte hovudsaka i alt som har med kristen tru å gjera, inkludert Kristi himmelfartsdag.

Johannes Kleppa