Kristne bokhandlar er viktig

Kristen litteratur har lenge vore viktig i norsk kristenliv, særleg i lekmannsarbeidet. Det starta med Hans Nielsen Hauge. Han hadde ein enorm produksjon, og selde ei ufatteleg mengd med bøker. Det skjedde på hans og andre haugianarar sine preikeferder. Seinare kom det fleire forfattarar til, og vi fekk forlag og bokhandlar.

Også Misjon Sarepta har teke dette opp i arbeidet sitt ved å oppretta Sarepta Medier AS, der vi utgir bøker som vi meiner kan vera gode og nyttig å lesa. Fleire av arbeidarane sel også kristen litteratur rundt om på møta, fordi også dette er å gje folk eit møte med Guds ord.

Ein liten generasjon tilbake var det kristne bokhandlar spreidde rundt omkring i heile landet. Etter kvart måtte den eine etter den andre gje seg, og no er det svært få att. Med sorg las eg at no vert også Kristiansand og Drammen uten kristen bokhandel. Fleire andre slit, og det er fare for at fleire går inn. Dette er bakgrunnen for denne ettertanken til å halda opp kristne bokhandlar, og gjerne starta nye – og med det gje høve til å spreia den kristne boka.

Den kristne boka står i ein kjede. Det er forfattar, forlag og bokhandel.  Når eit av desse ledda slit, er det den kristne bok det går ut over. Forfattar, forlag og bokhandel treng kvarandre – ja, er avhengig av kvarandre. Rett nok kan bøker også seljast på nettet, på møte og andre arrangement, men det er bokhandelen som er den store salskanalen, og anna sal skjer gjerne knytt til ein bokhandel. Dessutan har bokhandelen også ein funksjon som møtestad mellom folk og litteratur. Når det vert lengre mellom dei kristne bokhandlane, er det enda viktigare å selja god kristen litteratur på ulike kristne møte og arrangement.

Bergen er eit godt døme på utviklinga i den kristne bokhandlarbransjen. For nokre tiår sidan hadde byen fleire kristne bokhandlar, men ein etter ein gjekk inn, og brått var Bergen sentrum utan kristen bokhandel. Vi var eit par stykk med erfaring frå bokbransjen som då vart oppfordra frå ulike hald til å få i gang ein ny bokhandel i Bergen sentrum. Det gjorde vi, og eg trur den modellen vi då valde, kan vera aktuell også andre stader, slik at den kristne boka kan vera tilgjengeleg så mange stader som råd er.

Eg skal ikkje gå i detalj om korleis Bergen Kristne Bokhandel er organiser og vert driven, men vi tenkte i stor grad i lys av driftsmåten for gjenbruksbutikkar, og at det måtte vera eit breitt eigarskap bak ein slik bokhandel. Det gjorde at vi i stor grad satsa på frivillig og ulønna arbeidskraft, men med ein lønna dagleg leiar. Det gir låge lønnskostnader, det skaper engasjement og kontakt for bokhandelen i ulike samanhengar, ein kan delta på arrangement utafor bokhandelen, ein har tid til å snakka med kundar og det er fleire som bed for drifta.

For å skapa breidde og fagleg tyngde bak butikken, la vi vinn på å få dei kristne forlaga som aksjonærar, saman med kristne forsamlingar i byen, samt einskild personar. Vi ville at bokhandelen skulle ha eit breitt tilbod av kristen litteratur, samt gåveartiklar og andre produkt av kristen karakter, men ikkje «tilleggsartiklar» av reint økonomiske grunnar. Vi valde dessutan å ha eit kristent antikvariat.  Vi ville også at det skulle vera plass til den gode samtalen i butikken, vera eigne arrangement der, og at butikken skulle ha eit aktivt forhold til kristne forsamlingar.

Når vi ser at den kristne bokhandelen i Kristiansand ikkje får det til å gå rundt med over kr 6 mill i omsetnad, forstår ein kor vanskeleg det er. Mange har langt mindre sal.

Den kristne bokhandelen er så viktig for den kristne boka, at ein må prøva alle utvegar for å få desse til å gå rundt. Forlag kan ikkje gje ut bøker utan å ha gode salskanalar. Eg trur modellen for Bergen Kristne Bokhandel kan vera aktuell for fleire. Her som elles i det kristne arbeidet, vil det frivillige og ulønna arbeidet berre verta viktigare framover, sidan lønnskostnadene har vort svært høge. Dessutan må kristenfolket bruka den kristne bokhandelen, om ein vil ha den kristne boka.

Johannes Kleppa