Det er mange sentrale bibelsk ord og sanningar knytt til Langfredag og Golgata. To av dei mest sentrale er soning og forsoning. Desse to orda liknar på kvarandre og dei heng organisk saman, men dei er uttrykk for to ulike sanningar og hendingar. Ordet forliking (bokmål: forlikelse) er eit parallellord til forsoning. Dei to orda betyr nøyaktig det same, og kan brukast om kvarandre. Nokre bibelomsetjingar har difor vald ordet forliking, for å skilja det meir frå soning og unngå mistyding.
Forsoning eller forliking er resultatet av soning. Det må altså vera soning for at forsoning skal vera mogleg. Utan soning er all tale om forsoning meiningslaus, utan innhald og villeiande. Soning har sitt mål i forsoning, og difor når ein ikkje målet om ein stoppar med soninga. Forsoning må fyljga soning som hand i hanske.
Soning er det som skjer på Golgata, på krossen. Det er at Gud legg all synd på Jesus, og straffar synda på Jesu lekam. Då skjer det oppgjer for synd, ved at Jesus tek syndestraffa og straffelidinga i vår stad. Ved soning skjer det oppgjer eller betaling for synd. Dette oppgjeret eller denne betalinga skjer i forhold til Gud. Det legg grunnlaget for at den som tek mot denne soninga, altså som tek mot Jesu frelsesverk på krossen, den kan Gud erklæra for rettferdig. Der synda er sona, er det ikkje meir å krevja. Syndaren kan gå fri.
Der det var fiendskap mellom mennesket som syndar og den heilage Gud, kan det no vert fortruleg samfunn. Det er forsoning eller forliking. På grunnlag av at Jesus sona verda si synd, kan det seiast at Gud forsonte eller forlikte verda med seg sjølv, og på same grunnlaget kan mennesket vert kalla til å la seg forsona med Gud, altså koma til han. Når mennesket tek imot det Gud slik har gjort, er Gud og mennesket forsont eller forlikt. Gud og mennesket har vorte venner, framfor å vera fiendar. Dei som var skilde og langt får kvarandre, har funne saman og har kome nær kvarandre i ei fortruleg samfunn.
Soninga på krossen er altså objektiv og gyldig for alle menneske til alle tider, uavhengig av om mennesket trur det eller ikkje. Det same gjeld at Gud har forsont verda med seg sjølv. Gud har rydda fiendskapen til sides frå si side. Trua gjer dette gjeldande for den einskilde til rettferdiggjering og evig frelse.
Dette forholdet mellom soning og forsoning er avgjerande og grunnleggjande med tanke på Guds forhold til mennesket, og mennesket sitt forhold til Gud. I sak gjeld det same for forholdet mellom menneske. Der det er konflikt – særleg mellom kristne, vert det gjerne sagt at det må skje forsoning, og det er sant. Det er berre slik forholdet kan gjenopprettast på bibelsk vis, altså på reell måte. Nokre gonger synest det likevel som ein gløymer eller hoppar over at forsoning føreset soning – oppgjer med synd og urett. Oss menneske i mellom kan ikkje det skjev ved ein annan, slik det skjedde på krossen. Det skjer heller ikkje ved ein objektiv dom, men oppgjer. Det skjer ved at synd og urett vert erkjent og bekjent – og tilgjeve. Eit slikt oppgjer skaper forsoning.
Med tanke på Guds vreidesdom over Jesus på Golgata, skriv Hans Erik Nissen i «Ett er nødvendig» i andakten som i år fall på Langfredag: «Du skal vite at din skyld kan ikke samtidig hvile på skuldrene dine og på skuldrene hans. Når Gud har tatt den fra deg og lagt den på ham, så ligger den ikke lenger på deg.»
Den som trur det, er forsont med Gud, rettferdiggjort og frelst!
Johannes Kleppa