Motstand og vekking

Paulus skriv eit par plassar at det var mange motstandarar av evangeliet, og at mange kom til tru. Motstand og vekking fylgdest ofte som hand i hanske. Slik har det vore gjennom heile kyrkjehistoria, og vi ser det også i dag der kristne vert forfylgde og nokre må lida martyrdøden.

Det er ikkje slik at undertrykking og forfylging alltid fører til vekking og kyrkjevekst, men det er ofte slik. I forfylgingstider er det også ein del som fell frå, men dei som kjem til, er oftast fleire. Der den kristne kyrkja lever i medvind, er det ofte lite vekking, i alle fall der kyrkja tilpassar seg tida og folket. Tilpassing til tidsånda har aldri ført vekking og nytt liv med seg. Det har gjort kyrkja åndsfattig og uaktuell. Det har lite føre seg å søkja den kristne kyrkja om ho er tilnærma lik alt rundt seg, og ikkje har ein bodskapet for døden og æva.

Vi får stadig rapportar om at folk vert kristne i land med forfylging, og kanskje særleg i ein del islamske område. Nokre stader er det snakk om store vekkingar og sterk kyrkjevekst, sjølv om det ytre sett kan vera vanskeleg å måla. Dessutan er det heller ikkje alltid like enkelt å vurdera om det er Jesus som profet, som islam legg stor vekt på, som folk trur på, eller om dei har kome til tru på Jesus som Messias, Guds son.

For litt sidan var eg på ei gudsteneste der vi fekk eit møte med Iran, som er eit land med sterk kristendomsforfylging. Då vart det opplyst at det ved revolusjonen rundt 1980 var omlag 5000 kristne i landet, medan ein no rekna med om lag to millionar kristne. Den årlege kyrkjeveksten i Iran er på 19 prosent, medan den i Noreg er på ein prosent. Velferdsstatens kristendom er med andre ord lite vekstkraftig, til forskjell frå motstandsstatens kristendom.

Rett nok er det slik at vekkingshistoria viser at vekking kan skje i alle slags tids- og åndssituasjonar. Det er vårt eige land eit godt døme på. Her i landet hadde vi dei største vekkingane ved dei største nasjonale oppgangstidene tidleg på 1900-talet, og delvis siste del av 1800-talet. Det er likevel to viktige forskjellar i forhold til vår tid.  Det eine er at kyrkje og kristendom ikkje prøvde å tilpassa seg tida den gongen, men forkynte tydeleg lov og evangelium. Det andre er at det var mykje meir kristendomskunnskap i folket, ikkje minst ved Erik Pontoppidans forklaring og kristendomsundervisninga i skulen.

Den åndelege situasjonen i dag er slik at store delar av Den norske kyrkja med biskopane i spissen arbeider mot det som skaper vekking, og for det som viskar ut skilnaden til verda. Det vert ikkje vekking på det viset, men avkristning.

Tidsånda og statsmakta i landet vårt motarbeidar sann kristendom, undergrev sunn kristendomsopplæring og legg hindringar i vegen for sann forkynning av Ordet. Det inneber eit åndeleg press. Det å stå imot dette presset, kan bera vekkinga i seg. I stor delar av teologien og forkynninga er det åndeleg forføring. Det å stå imot denne forføringa, kan også bera vekkinga i seg.

Motstand hindrar ikkje vekking, men det kan leggja til rett for vekking om Guds folk står åndeleg oppreiste, held fast på sanninga og lever og forkynner rett. Det dreg folk til den kristne forsamlinga og Ordet forkynning. Det ultimate uttrykket for dette ser vi i den forfylgde kyrkja, ikkje minst i Iran.

Johannes Kleppa 

Johannes Kleppa 

foto: Adobe stock