Fantastisk start på sykkelleir

I dag har vi hatt den første sykkelturen på sykkelleiren som går av stabelen denne veke. Det var på alle måtar ein flott tur, både når det gjald vær og natur, og med innlagt lunsjpause og pause for is og cola. Dagens tur var på ca 55 km og med over 800 høgdemeter totalt sett. Eg har sykla nokre turar i områda rundt Centro Sarepta, men dette var den beste og flottaste turen eg har sykla.

Underteikna er strengt tatt ikkje i god nok sykkelform til å vera med på slike turar, men dei øvrige syklistane lokkar meg med og tek omsyn, men dei tyngste turane må eg nok stå over. Det er berre tre deltakarar på leiren, men det er ei tredobling frå i fjor, så vi satsar på minst tilsvarande auke til neste år!

Det er flott med sykkelturar, men det viktigaste er alltid Guds ord. Denne veka går underteikna gjennom Daniels bok både på bibeltimane på føremiddagane og på kveldsmøta. Her er mykje aktuelt stoff både med tanke på samfunnet og på det personlege planet.

Opplegget på Centro Sarepta varierer frå veke til veke, men undervisning i Bibelen og anna kristendomsundervisning er det sentrale. Sist veke stod kyrkje- og konfesjonshistorie på timeplanen. Då var her tre godt vaksne damer, dei syntes det var svært spennande – til stor oppmuntring for underteikna som underviste også då. Volontørane og eit par lærarar var på utreisehelg til Barcelona, og det er ein viktig del av bibelskuleopplegget.

Går ein inn og ser på heimesida for Centro Sarepta under Bibelskolen ser ein opplegget, og der vil ein finna noko som passar for dei fleste. Det er ei svært flott tid her i området no framover.

Johannes Kleppa