Kommunen sine barn

Ein kristen friskule i Nord-Troms, med sterk tilknytting til den læstadianske forsamlinga, gjekk til julegudsteneste. Rektor hadde ikkje sjekka kven som var prest, og så viste det seg at det var ei kvinne. Kvinnelege prestar er i strid med det læstadianarane står for, og det var gjort heilt klart då presten vart tilsett. Rektor beklaga på det sterkaste det som hadde skjedd. Ho ville for framtida sjekka kven som var prest ved julegudstjeneste.

Ein slik glipp kan skje for alle, og ved rektor sin opptreden skulle ein tru at saka var ute av verda, og det synest ho også å vera for skulen og for foreldra. Den kvinnelege presten gjorde ikkje noko sak av dette, fordi ho forstoda at det ikkje dreidde seg om hennar person, men var knytt til lære og med det eit prinsipp. Det var ein ryddig opptreden.

Derimot reagerte fungerande biskop, som venta ei orsaking frå rektor, fordi kvinna var sokneprest og hadde full rett til å ha gudstenesta. Det får han sjølvsagt ikkje. Det å seia nei til kvinnelege prestar, er ei fullt legitimt standpunkt. Det å ta konsekvensen av det i praksis, er respektabelt. Det same er å ordna opp om det glipp.

Skulen kan sjølvsagt ikkje avgjera kven som skal vera prest, men skulen kan fritt bestemma om elevane skal delta ved gudsteneste eller ikkje. Her har ein omtrent snudd saka på hovudet ut frå den vanlege debatten om skulegudstenester. Då er spørsmålet om skulane skal delta på slike eller ikkje. Her kan ein få inntrykk av at skulen har plikt til det, same kven som er prest.

Ordføraren, som er ei Ap-kvinne, gjer det heile til politikk og ideologi på høgt nivå. Ho er for det først sjokkert, sjølv om ho i ein kommune med sterke læstadianske innslag, burde vera fullt klar over kva dei som driv skulen, står for. Det er ein viktig skule i kommunen, ved at 18 prosent av elevane går der. Ordføraren er innforstått med at foreldra har rett til å velja ein kristen friskule, men kommunen kan ikkje overlata elevane heilt til ein friskule og den oppsedinga dei får der, fordi det dreier seg om «kommunen sine barn»!

Det er jo ei fantastisk utsegn. Vi må då spørja kven som er den kommunale faren og den kommunale mora? Også i Nord-Troms er det nok slik at barn har biologiske foreldre, og at barna tilhøyrer foreldra, ikkje kommunen. Rett nok kan det seiast at barna også tilhøyrer Gud, sidan han er livgjevaren og far til alt som kallast barn. I tillegg er Gud far til dei frelste barna.

Ordføraren har sett saka så viktig ho har varsla om henne, og det har ført til at undervisningsministeren og andre har uttalt seg. Det verkar smått med prinsipiell forståing av saka ut frå foreldreretten og friskulane sin posisjon ut frå menneskerettane. Derimot synest den politiske styringsviljen å vera stor, og då for å forma elevane i staten sitt ideologiske bilete. Det har heldigvis ikkje politikarar på noko nivå mynde eller mandat til. Menneskerettane og friskulelovgjevinga set grenser for det.

Den aktuelle skulen kan trygt praktisera etter si bibelsk overtyding, og rektor kan sova godt om natta. Det er godt at nokon står opp for det dei meiner er bibelsk rett, også når det er politisk ukorrekt. Skulen har godkjente læreplanar som viser korleis skulen vil undervisa i aktuelle verdispørsmål, og at Guds ord då er rettesnora. Samstundes vil skulen sjølvsagt orientera om ulike haldningar, ideologiar, livssyn og kva lovgjeving som gjeld her i landet.

Sjølv ikkje ein Ap-ordførar kan gjera barn til «kommunens barn», og godt er det. Den ideologiske viljen til å gjera det, er likevel alarmerande med tanke på det som skjer i samfunnet generelt, og spesielt i det som har med skule og oppseding å gjera. Dette må kristne foreldre ta på fullt alvor, og av denne grunnen er også kristne friskular så viktige, og det trengst rektorar som står opp for det ein ut frå kristen tru og tenking ser som rett og godt.

 Johannes Kleppa