Oppgjer med bedehusland

Det hender at folk får trong til å ta eit oppgjer med sin oppvekst i bedehusland, eller også i frikyrkjeland. Det er gjerne folk som på eit eller anna vis er profilerte i samfunnet, og med det får oppslag i media. Det er relativt få historier, men dei får uproporsjonalt stor merksemd. Dei mange positive historiene lever nokså stille, også når dei kjem frå kjente personar.

For litt sidan såg eg tilfeldigvis litt av eit tv-program der ein kjent artist omtalte sin oppvekst i Smiths venner i positive ordelag, sjølv om han i ungdommen hadde glidd bort frå denne samanhengen og stod utafor no. Han hadde også gode ord om eit liv i ein stor familie, sjølv om familien skilte seg noko ut. Ingen i programmet problematiserte det, sjølv om dagens mediaoppslag om «Brunstad» kunne gitt høve til det. Eg syntest dette var fint, sjølv om Smiths venner er nokså langt unna min åndelege samanheng.

Eg har registrert at oppgjer med bedehuset og sin tilknytting til åndsmiljøet der, ofte er knytt til at vedkomande har endra syn i viktige spørsmål. Dette gjeld særleg samlivs- og ekteskapsspørsmål. Oppgjeret fungerer som ein måte å legitimera sitt nye syn på, og det ber i seg å løfta seg sjølv til ein høgare og meir frigjort posisjon.

Når ein tek avstand frå det ein tidlegare var del av, fordi ein sjølv har endra seg eller endra syn på sentrale spørsmål, seier det lite om den tidlegare samanhengen. Det seier mest om ein sjølv. Ofte er det nye erfaringar i privatlivet eller i møte med samfunnet rundt ein, som har ført til endringa. Det er ein typisk reaksjonsmåte i vår postmoderne tid. Opplevingar og erfaringar styrer kva ein meiner er rett og galt, framfor overordna og tidlause normer og prinsipp.

Rett nok er det også nokre som gir uttrykk for at bedehusmiljøet generelt opplevdest trongt og at endetidsforkynning skremde. Eg har ikkje slik opplevingar eller erfaringar frå mitt barndommens bedehus, heller tvert imot. Nokre gonger verkar denne typen oppgjer noko oppblåst og politisk korrekt. Det er ei litt karikert og stereotyp framstilling av bedehuset ut frå ei sekulær tenking der alt er flytande, og der alt og alle skal vera undervegs.

Eg er altså ikkje vidare imponert av bedehuskritikarane, og aller minst av desse som tek oppgjer etter sjølv å ha teke sjumilssteg bort frå bedehuset og har plassert seg i heilt nye posisjonar. At nokre av desse også får ein posisjon som noko i retning av ekspertar på bedehuskulturen, finn eg patetisk. Det vitnar om mangel på elementær kunnskap om bedehuset i media generelt. I kristenmedia opplevest det nokre gonger som uttrykk for å vera misforstått velvillig, og for å ta ein misforstått sjølvkritikk som fungerer som ei form for sjølvplaging. Det har då lett den funksjonen at det fungerer korrigerande for det bedehuset står for, altså at det fører bort frå bedehusets ideal.

Når alt dette er sagt, og nokre opplever slik «forsvarstale» som mangel på innleving og sjølvkritikk, må det også seiast at bedehusfolk må lytta til all kritikk. Det er kritikk som må takast på alvor, og då særleg der det er «brente barn» eller folk har vorte krenka. Bedehuset skal vera ein trygg og god stad å vera, men det skal også vera ein stad som utfordrar. I siste instans skal det vera ein fristad frå synd og skuld. Slik vert det om Guds ord får lyda rett som lov og evangelium, og om bedehusfolket lever etter den bibelske formaninga om å ta seg av kvarandre som Gud har teke seg av oss i Jesus Kristus.

Johannes Kleppa