Vekking i Noreg

Noreg har vore velsigna med mange og omfattande vekkingar, men diverre har det vore svært lite av dette den siste generasjonen. Det er grunn til å be om og vona at vekkingstidene skal koma tilbake, både med tanke på folk si frelse og samfunnssituasjonen. Det er umogleg å finna eit klart mønster for når vekking skjer. Det har skjedd i oppgangstider og i nedgangstider, på stader med mykje bibelkunnskap og der evangeliet var ukjent før forkynnaren kom. Dersom det skal peikast på eitt moment som synest å gå att, er det bønn. Vekking er ei særleg Herrens gjestingstid.

I det siste har Dagen skrive ein del om vekking, og det er bra. Avisa har hatt reportasjar om vekking, og det er skrive om kva som skaper vekking. Det var også ein større reportasje som gav ei oversikt over ulike vekkingar som har vore i landet, og det var nemnde ein god del personar som har vore sentrale om norsk vekkingsliv. I ein slik reportasje kan ein ikkje få med alt, men det var påfallande at det som nokså sikkert har vore den største vekkingsrørsla og dei vekkingane som har hatt størst ringverknader etter Hans Nielsen Hauge si tid, ikkje var nemnt med eitt ord.

Det dreier seg om den rosenianske vekkinga, som har namnet etter den svenske vekkingsleiaar Carl Olof Rosenius (1816 – 1868). Denne vekkingsrørsla gjorde seg gjeldande her i landet frå slutten av 1860-talet, og etter det har det i realiteten vore implusane frå denne vekkinga som har vore retningsgjevande og det åndelege utgangspunktet for all vekking knytt til bedehusrørsla, altså det meste av vekking på 1900-talet. Rett nok har det også vore spesielle vekkingar knytt til bestemte personar, til pinserørsla og til andre frikyrkjelege samanhengar.

Etter haugianismen vert det gjerne vist til professor Gisle Johnson (1822 – 1894) og den johnsonske vekkinga for Sør-Noreg sin del, og til prost Lars Levi Læstadius (1800-1861) og læstadianismen for Nord-Noreg sin del. Det er i og for seg korrekt, men det er lite spor etter Johnson og dei johnsonske prestane på Vestlandet. Den presten som det fylgde mykje vekking med, var Lars Oftedal (1838 – 1900), gjerne kalla «den vestlandske vekkinga», men Oftedal var ingen typisk disippel av prestelærarane Gisle Johnson.

Det var altså impulsane frå Sverige og Rosenius som løyste ut dei veldige vekkingane vi fekk frå ca 1870, og særleg straks etter hundreårsskiftet, kanskje med 1905 som toppår, nok mest på Vestlandet og Sørlandet. Den som etter mitt skjønn var den fremste katalysatoren for rosenianismen inn i norsk kristenliv, var Jakob Traasdahl (1838 – 1903), som hadde sin base i Bergens Indremisjon. Dei store vekkingane på denne tida førte også med seg «stormøte», som var ei form for opplæring av dei mange unge nyfrelste. Det førte også med seg mykje bønn, og eg er overtydd om at dette var ein hovudgrunn for at unionsoppløysinga med Sverige skjedde utan krig.

På starten av 1900-talet var det mange og store vekkingar, der tusenvis kom til omvending og tru på Jesus som frelsar og Herre. Sidan mange av dei var unge, vaks det fram eit omfattande ungdomsarbeid. Desse vekkingane var også avgjerande for dei mange kristne folkehøgskulane og andre kristne skular som etter kvart vart starta. Vekkingane gjekk i bylgjer, og dei fekk litt ulikt preg ved at det også kom vekkingsimplusar frå vest, særleg frå Amerika. Songen var sterk og sentral.

På 1920-talet var det svært lite vekking i landet vårt, men litt ut på 1930-talet kom det på nytt store vekkingar, og desse varte inn i krigsåra. Desse vekkingane førte med seg at arbeidet på bedehuset vart utvikla og sterkare organisert, slik at denne perioden er kalla «gullalderen» for bedehuset. Også på 1950-talet var det ein del vekking, og nokre også seinare. Dessutan var det knytt ungdomsvekking til leirstadene som vaks fram på 1960-talet. Dei første vekkingane førte med seg bedehus. Vekkingane ført også til mange foreiningar, lag, songkor og andre arbeidsgreiner knytt til bedehuset og dei ulike organisasjonane for indre- og ytremisjon.

Dei alle fleste som «stod i vekking» var emissærar knytte til dei kristne lekmannsorganisasjonane og bedehuset. Det var «vanlege folk» med lite utdanning, men med god kjennskap til Bibelen og med djup innsikt i Guds ord. Dei forkynte roseniansk. Eit framståande døme slik sett er «ryfylkebiskopen» Sven Foldøen.

Alt som har skjedd frå rundt år 1900, har altså sitt opphav i den rosenianske vekkinga, særleg med tanke på forkynningsprofilen. Denne har vore prega av lov og evangelium, med vekt på at alt til frelse er gjort ferdig i Jesus frelsesverk, og at ein får del i det momentant ved trua. Du kan difor koma til Jesus slik som du er. Det var avgjerande viktig det som skjedde ved Hauge og haugianismen, men det må utfyllast med det som skjedde ved rosenianismen, om ein skal forstå norsk vekkingsliv rett. Dette har eg skrive ein god del om i hundreårsskriftet for ImF, Ordets folk.

Johannes Kleppa