Jul – vedkjenning og kompromiss

Kvart år ved juletider oppstår det ein debatt om Jesus vart født i Betlehem eller ikkje. Det er på mange måtar ein nokså kuriøs debatt, både fordi Bibelen er veldig tydeleg på det, og fordi utanombibelske kjelder frå kort tid etter Jesu himmelfart seier det same. Den første kristne tida oppstod det ein mykje meir grunnleggjande og avgjerande debatt. Det gjaldt Jesu person. Kven var han? Var han både Gud og mann?

Det vi kallar «den kristologiske striden», altså debatten om kven Kristus var og er, gjekk over fleire hundre år. Nokre nekta for at Jesus var mann, eller dei nedtonte og omtolka Jesu menneskelege side. Andre nekta for at Jesus var Gud, eller dei nedtonte og omtolka hans guddommelege side. Vi talar her om eit venstreavvik og eit høgreavvik. Den kristne kyrkja ved si vedkjenning gjekk midt mellom, og fastslo at Jesus er sant menneske og sann Gud, og at hans menneskelege og hans guddommelege side er fullt reell slik vi møter det i Skrifta.

Det som karakteriserte denne debatten frå biskopar og andre kyrkjelege leiarar og teologar si side, var at dei ikkje søkte kompromissets veg, men maksimal klargjering av det rette og sanne – altså diamentralt motsett av slik mange kyrkjeleiarar opptrer i dag. Det norske bispekollegiet har vorte ekspert på å tilsløra usemje og laga kompromiss. Rett nok er dette ikkje så aktuelt lenger, fordi dei på den teologiske høgresida no stort sett er fråverande i bispekollegiet og andre sentrale kyrkjelege leiarstillingar.

Den første vedkjenninga som vart laga i oldkyrkja, er den apostoliske vedkjenninga eller dei tre trusartiklane, og denne er felleskyrkjeleg. Dei som ikkje kan slutta seg til denne vedkjenninga til den treeinige Gud, stiller seg utafor den kristne kyrkja. Det dreier seg altså om ei fundamental vedkjenning.

Det oppstod straks ein debatt om kva nokre av formuleringane i vedkjenninga betydde. Det gjaldt særleg andre artikkelen og kven Jesus er. Då valde ikkje kyrkjeleiarane å leita etter formuleringa som kunne samla flest mogleg, og slik opna for ulike syn og skapa ro. Dei gjekk ikkje kompromissets veg. Derimot leita dei etter formuleringar som var som skiljesteinar i debatten. Dei valde formuleringar som presiserte innhaldet i vedkjenninga, og som folk måtte kunna slutta seg til for å vera innafor den sanne kyrkja. Dette skjedde i fleire omgangar, etter som det kom stadig nye vrangtolkingar og vanglærer. Etter kvar vart formuleringane så eintydige at dei har stått seg i snart 1500 år, og vil stå seg for all tid.

Det som på denne måten skjedde i oldkyrkja, er til stor hjelp for oss i dag med tanke på å ta vare på og forkynna den bibelske bodskapen på rett vis, særleg når det gjeld jule- og påskebodskapen.

Vi har ei tilsvarande sak i Skrifta ved dei ti boda. Alle desse, bortsett frå to, er formulerte negativt med «du skal ikkje». Det er i strid med slik vi i dag ville tenkt, fordi vi er opptekne med å formulera oss positivt. Ein kommunikasjonsekspert i dag ville nok sagt at vi måtte seia «du skal» tala sant, verna om livet – og så vidare. Då ville det lett oppstått debatt om kva som låg i det. Formuleringa «du skal ikkje» er som ein tydelege skiljestein.

Dette burde dagens kyrkjeleiarar ta lærdom av. I staden for å gjera lærespørsmål, særleg i etikken, utydelege, burde dei presisera. Vi har i Den norske kyrkja, og etter kvart i andre samanhengar, sett denne problematikken veldig tydeleg i samlivsspørsmål. Etter kvart går det utydelege over i det tydeleg ubibelske. Vi ser den same problematikken i spørsmålet om tenestedeling mellom mann og kvinne i bedehussamanhengar. Vi ser det også i konfesjonelle spørsmål, der ein i økumenikkens namn formulerer seg så inkluderande at det vert læremessig utflytande.

Ved denne juletida vil eg særleg seia takk til dei oldkyrkjelege leiarane som tok ein voldsom kamp for å sikra læra om Jesu person, og med det også læra om Jesu frelsesverk. Dei gav oss god hjelp til å feira Jesu kome på rett vis og julehelga med rett innhald.

Johannes Kleppa