Konstant ideologisk kamp mot NLA Høgskolen

NLA Høgskolen, som ofte vert omtalt som NLA og som tidlegare heitte Norsk Lærerakademi, synest å leva i konstant ideologiske kamp. Det er ein kamp som går tilbake til oppstarten av NLA. Det var ein trong fødsel – av ideologiske grunnar. Kampen starta faktisk 20 år før opprettinga av NLA, ved at staten gjorde vedtak om å overta Oslo kristne lærerskole. Argumentet då var at staten skulle ha hand om all lærarutdanning, og med det forma lærarane i statens ideologiske form.

Det er grunnhaldninga i den ideologiske kritikken også no, men då i to versjonar. Den eine seier kort og godt at det er staten som skal stå for all lærarutdanning, og helst all utdanning frå barneskule til universitet. Den andre versjonen seier at det er greit med privat lærarutdanning, berre ho er på statens premiss og etter statens mønster.  Alt av offentleg lovverk, forskrifter og reglar må gjerast gjeldande for NLA – som for alle private eller frie skular frå botn til topp. Den ideologiske basisen for ein høgskule som NLA, må altså vera så generell at han ikkje har nemnde verknad for undervisninga og forskninga. Forpliktande verdidokument som skil seg får tilsvarande statlege utdanningar, er ein styggedom og må bort. Dette dreier seg om ideologisk einsretting, gjennom ideologimakt, lovmakt og økonomimakt

Dette er ei underleg sak. Kva skal ein med frie, altså statleg uavhengige institusjonar, om dei i eitt og alt skal vera like dei statlege? Frie institusjonar er ikkje oppretta berre for å supplera statlege institusjonar slik at det vert nok studieplassar, men dei er oppretta som ideologiske alternativ. Dei skal gje utdanning og driva forskning på same nivået som statlege institusjonar, men på eit definert grunnlag og med eit definert mål, slik at det statlege vert fagleg og ideologisk utfordra, og slik at det totalt sett i samfunnet vert ein større breidde på det ideologiske planet når det gjeld undervisning og forskning – altså ikkje ideologisk einsretting, men reell åndsfridom.

Her er det forøvrige eit poeng å bruka rette ord. Vi har ein tendens til å bruka ordet «offentleg» om noko som er knytt til kommune, fylkeskommune og stat, og så brukast ordet «privat» om alt anna. Det er feil og skaper misvisande inntrykk. Ordet «offentleg» vil seia at det er ope og kjent, ikkje lukka og hemmeleg. Det som vert kalla «private» institusjonar er like opne og kjende som statlege, og bør difor også omtalast i samsvar med det. Vi bør unngå ordet «privat» for det fører tanken i retning noko lukka og sært, og gjerne noko kommersielt som folk tener pengar på. Vi bør bruka ordet «frie» om ikkje-statlege undervisningsinstitusjonar, og med det få fram at dei ikkje er bundne til statens ideologi, men at dei samstundes er opne.

NLA Høgskolen har dei seinare åra vorte angripen frå nesten alle hald, frå fagorganisasjonar, offentlege instansar av ulike slag og frå politisk hald – ja, endatil frå eigne tilsette. Nokre av dei siste har så slutta, og rett og godt er det, men dei held gjerne fram med angrep frå sine nye posisjonar. Nokre studentar angrip også sin eigen studiestad, men det bør tolast, sjølv om det er underleg og delvis uforskamma. Det er inga plikt å vera student ved NLA Høgskulen eller for så vidt nokon som helst studiestad. Finn ein seg ikkje til rette, er det nok av alternativ. Dei studentane som derimot vil ha nett eit slikt alternativ, må få lov til det.

Det same gjeld tilsette. Det er inga plikt å vera tilsett ved NLA, og det er heller ingen som har rett på tilsetjing. Det er eigaren ved styret og skuleleing som avgjer kven som skal tilsetjast, og det byggjer på faglege kvalifikasjonar kombinert med tillit. Den som ikkje vil forplikta seg på ein definert ideologisk basis og ei tilsvarande målsetjing, må finna seg ein annan arbeidsstad – og så la den ideologiske institusjonen vera i fred. Det må vedkomande gjera både av respekt for seg sjølv og for den aktuelle institusjonen.

Det er berre om NLA Høgskulen har eit bibeltru definert verdigrunnlag og ei tilsvarande målsetjing, og at dette har praktiske konsekvensar for tilsetjing, undervisning og forskning, at vi treng denne høgskulen, men då trengst han også i høg grad.

Johannes Kleppa  

foto: adobe stock