Fotball-VM i Qatar og menneskerettar

Årets fotball-VM i Qatar er nokså annleis enn tidlegare VM. Det har ikkje med fotballen å gjera, men med landet og søkjelyset på det som skjer utanom sjølve fotballspelet. Media er helst meir opptekne med det som skjer i landet og rundt kampane enn sjølve fotballprestasjonane. Det har sine gode grunnar, men det er likevel påfallande – også med tanke på andre land der ulike VM og OL har vore arrangerte, og forholda i dei landa.

Det er særleg situasjonen for homofile eller «skeive» som har kome i fokus. Det er ikkje unaturleg at desse forholda kjem fram, men det er samstundes nokså politisk korrekt og talande for den tida vi lever i. Det er i stor grad bruken – eller ikkje-bruken – av regnbogen som har vore i fokus. Det er korrekt at homofile har vanskelege forhold i Qatar, som i alle andre muslimske land, og det er sterkt kritikkverdig. I Noreg har det nesten ikkje vore sett søkjelys på «skeive» sin situasjon i muslimske samanhengar. Dei muslimske miljø har stort sett gått fri, medan kristne samanhengar har vorte angripne. Det synest å vera lettare å løfta dette fram enn når det skjer langt utafor Noregs grenser.

Den norske fotballpresidenten, Lise Klaveness, har endatil fått seg til å samanlikna forholda for homofile og «skeive» i Qatar med forholda i indremisjonskrinsar i Nordhordland, der ho er oppvaksen. Det er nokså patetisk, men også svært avslørande, når eit oppegåande menneske som Lise Klaveness, får seg til å gjera ei slik samanlikning. Ho har ikkje berre vore ein eminent fotballspelar med uvanleg god fotballforståing, men ho er også utdanna jurist og har vore dommar. Det er altså ikkje for ingen ting at ho er fotballpresident. Ho burde ha dei beste føresetnader til å forstå forskjellen på å ha meiningar i eit spørsmål og argumentera for kva som er etisk rett livsstil, og å undertrykka og forfylgja folk som lever på ein måte som ein meiner er etisk galt. Så langt eg kjenner til, er det ingen i Nordhordland, i alle fall ikkje i indremisjonsmiljø, som er forfylgde eller straffa fordi dei er «skeive» eller lever i homofile forhold – til forskjell frå i Qatar.

Vi skal på ingen måte forsvara eller bagatellisera måten Qatar og andre muslimske land behandlar homofile, men vi må samstundes ha dei rette proporsjonane i forhold til anna undertrykking og forfylging og i forhold til menneskerettane generelt. Då er det andre forhold som også burde få søkjelyset retta mot seg i Qatar, og det i større grad enn det som gjeld «skeive». Dessutan bør ein læra seg å skjelna mellom etiske oppfatningar om kva som er rett livsstil, og måten ein behandlar folk på.

Det er ei nokså kjent sak at både kristne og jødar vert forfylgde i muslimske land, inkludert i Qatar. Det er kort og godt ikkje trus- og religionsfridom i desse landa, heller ikkje forsamlingsfridom eller ytringsfridom. Frie demokratiske prosessar er fråverande. Det er også ei kjent sak at kvinner vert undertrykte, altså at kvinner sine rettar ikkje vert respekterte. Kvinner, kristne, jødar og opposisjonelle sin situasjon er eit langt meir omfattande problem enn det som gjeld «skeive». Det med trusfridom er generelt lite i fokus, men det er underleg at kvinnespørsmålet og ytringsfridom har vore så fråverande.

Det har vore mykje skriving om at lagkapteinane ikkje fekk bruka kapteinsbind med regnbogefargane. Kva om ein hadde lansert kapteinsbind med kross, jødestjerne, kvinneansikt og eit ytringssymbol, i solidaritet med desse gruppene? Det ville vore mindre politiske korrekt, og det ville ikkje spelt på popularitetsbølga skeive har i media, kulturen og politikken, men det ville vore å ta menneskerettane på langt større alvor enn ved å løfta fram regnbogen.

Johannes Kleppa

foto: Adobe stock