Apostelmøte og rådsmøte

Då det oppstod usemje blant jødane i aposteltida om korleis ein skulle tenkja om at heidningar kom til tru på Israels Gud og på Messias, vart det kalla inn til rådsmøte i Jerusalem (Apg 15). Der vart dei samde om korleis det skulle vera, og slik har det vore etterpå. Hovudpoenget i vedtaket er at jødar og heidningar vert frelste på same måten – ved tru på Jesus Kristus.

Medan eg skriv dette har Misjon Sarepta sitt første rådsmøte. Her er det ikkje snakka om å fastleggja eit lærespørsmål. Slike spørsmål er fastlagde ein gong for alle i Bibelen, Guds ord, trass i at vi har litt ulike oppfatninga av kva Guds ord lærer på nokre punkt. For Sarepta sin del dreier det seg om å verta oppbygde ved Guds ord og bønn, få innblikk i ulike delar av arbeidet og drøfta korleis arbeidet på best måte kan skje. Det går altså på korleis misjonsarbeidet og tenesta kan utførast på rette og beste måten i truskap mot Guds ord.

Rådsmøtet går av stabelen på Centro Sarepta, ikkje i Jerusalem. Her er det ikkje apostlar som er samla, men styret i Sarepta, tilsette og frivillige medarbeidarar. Det er ikkje noko latmannsliv å vera på rådsmøte, her går det i eitt frå morgon til kveld. Etter frukost startar det med bønnemøte, og held fram med bibeltime, profilforedrag, orientering og samtale om arbeidet. Det er også lagt inn ekskursjonar til arbeidslag som Sarepta støttar eller samarbeidar med, særleg innan diakonalt arbeid. Langt ut på kvelden er det dei uformelle samtalane som går, og dei går livleg og engasjert.

Det er ikkje sagt noko i vedtektene for Sarepta om rådsmøte. Det er altså ikkje eit vedtaksfesta møte, og slik sett har det ikkje nokon formell posisjon. Det er styret og den daglege leiinga som har ønskt eit slik møte av to grunnar. Det eine er at styret og leiinga ønskjer å få råd om arbeidet, slik namnet på møtet tilseier, og difor er det innleiingar om og drøfting av arbeidet. Det andre er at tilsette og andre medarbeidar skal vert best mogleg orienterte om arbeidet og få inspirasjon i arbeidet, og difor er det orienteringar, ekskursjonar, bibeltimar, føredrag og bønn.

Totalt sett vonar vi møtet skal setja styret og leiinga i betre stand til å leia Sarepta sitt arbeid, og finna dei beste vegane å gå for å nå ut til folk med Guds ord til frelse, og at alle som har møte for Sarepta på best måten skal kunna informera om arbeidet og skapa engasjement for det som skjer både i Noreg og Spania.

I alle kristne arbeidslag er det viktig at ulike synspunkt kjem fram, og at arbeidet kan drøftast på tillitsfull måte innan dei rammene og på den basisen som vedtektene gir. Det gjeld ikkje minst for eit arbeid som er bygd opp slik Sarpeta er, der styret har ein veldig sterk posisjon. Det må vera eit godt samspel og god tillit mellom styret, arbeidarane og misjonsfolket i det heile.

Som ein del kjenner til, har det vore arbeidd med spørsmål om Misjon Sarepta skulle starta ei større diakonalt arbeid retta mot nordmenn i Spania, ved å overta Betanien, ein tidlegare norsk diakonal institusjon i nærområdet til Centro Sarepta. Ut frå den drøftinga som har skjedd, har styret no avslutta denne saka, fordi ein fann at det var for stort sprik i oppfatningane til at ein kunne løfta eit så stort prosjekt på ein god og sikker måte.

Sarepta er oppteken med at arbeidet i Spania må skje i ein god kombinasjon av oppsøkande verksemd, forkynning, undervisning og diakonalt arbeid. I det siste har ein særleg vore oppteken med å få til diakonalt arbeid i eigen regi og støtta andre sitt hjelpearbeid. På den måten vonar ein både å få hjelpa folk på ulike måtar, og få kontaktar og tillit med tanke på å formidla evangeliet.

Johannes Kleppa