«Ungdomsmøte» på Nardo

For tida har eg møteveke for Sarepta på Nardo bedehus i Trondheim. Det er nokså spesielt ved at forsamlinga i stor grad er unge vaksne, nokre er studentar og andre er i arbeid. Innimellom er det nokre på min alder eller eldre. Det er nesten som ungdomsmøte med nokre eldre som har slått lag med ungdomane. Det er også for det meste ungdomar om styrer og leier.

Det er møte kvar kveld frå tysdag til laurdag, med avslutning søndag kl. 11. Torsdag var det føremiddagstreff, der det stort sett var pensjonistar.

Det spesielle er også at det laurdag frå klokka 11 og utover er tre undervisningstimar med middag og samtale. Her er temaet «Utvald i Kristus – kva inneber det?» Slik undervisningslaurdag brukar det vera siste laurdagen i månaden. Det er veldig flott at unge kristne legg vinn på bibelforplikta forkynning og undervisning.

Det har vore godt oppmøte så langt, og mange har kjøpt dei to bøkene Sarepta har utgitt – om ekteskapet og adventstankar.

Det er veldig oppmuntrande å møta ei slik ungdommeleg forsamling. Det er ei forsamling knytt til NLM, men mange har også eit engasjement for Sarepta, og nokre av ungdomane brukar å vera ute å ha møte for Sarepta på bedehus der det er lite verksemd.

Johannes Kleppa