Konspirasjonsteoriar og argumentasjon

Dei siste åra har det i den offentlege debatten, ikkje minst i den kristne pressa, dukka opp eit langt og vanskeleg ord: konspirasjonsteori. Rett nok er ikkje dette eit nytt ord eller ei ny sak, men det vert no brukt på ein måte og i eit omfang som er uvanleg. Eg har skrive debattinnlegg og kommentar i over 40 år, men eg trur aldri eg har brukt ordet før no, og eg har heller ikkje møtt det som del av debatten før no.

Leksikon definerer ein konspirasjonsteori som ein «forklaringsmodell», men seier også at det er ein «nedsettende betegnelse». I dagens debatt fungerer ordet i stor grad som det siste, og meir som ein karakteristikk og til tider som ein karikatur av andre sine oppfatningar, enn det er forklaring og opplysning.

Leksikonet seier også at det dreier seg om at «mektige grupper i hemmelighet sammensverger» for å nå sine mål. I dag fungerer det ofte som karakteristikk av politisk ukorrekte eller kontroversielle analysar, vurderingar og synspunkt – særleg når det ut frå eigen posisjon oppfattast som ekstreme eller useriøse oppfatningar. Når noko «i hemmelighet sammensverger» er det jo vanskeleg å vita og førehalda seg til.

Ein konspirasjonsteori er «beheftet med logiske feil og problematisk omgang med fakta», seier leksikonet, men då er spørsmålet kva som er logisk og kven som definerer det. Det vert også eit spørsmål om kva som er fakta og kva fakta som er relevante, og kven som definerer det. Det er ofte media med sine synsarar som har denne definisjonsmakta. Folk som har alternative synspunkt vert då lett sette utafor.

Reelle konspirasjonsteoriar er ei farleg og villeiande sak. Det skal vi ikkje bagatellisera eller sjå bort frå. Men difor skal vi heller ikkje bruka ordet lettvint eller vera snare med å definera alternative oppfatningar som konspirasjonsteori. Det skal svært mykje til for at det dreier seg om at «mektige grupper i hemmelighet sammensverger».

Mykje av utgangspunktet for alt snakket om konspirasjonsteoriar kjem frå debatten knytt til Donald Trump og hans mange vurderingar og meiningar. Set ein stemplet «konspirasjonsteori» på noko han eller støttespelarane hans hevdar, er vi ferdige med saka, utan seriøst å vurdera fakta og logikken i det. Eg skal ikkje ta stilling til spørsmål knytt til Trump, men eg hugsar eg las ein artikkel av ein seriøs forskar i USA etter siste valet. Han la fram mange fakta og analyserte desse – slik som er vanleg etter alle presidentval, og viste at alle dei elementa han la fram, var slik at dei alltid fall saman med valresultatet for den presidentkandidaten som vann valet – bortsett frå når det gjald Trump. Det var ei lang rekke med fakta og indisier som skulle tilseia at Trump vann valet, og at det difor var noko uforklarleg ved at han ikkje gjorde det. Det kunne altså tyda på at det var noko som var feil, men det trong ikkje vera det.

Den typen argumentasjon vart framstilt som konspirasjonsteori, fordi det passa ikkje med det faktiske resultatet. Det var like fullt ikkje noko hemmeleg ved det, det var opne tilgjengelege fakta. Det var heller ikkje noko samsverging i det, men ein forskar sin analyse. Det kan godt vera at valet denne gongen på mange område var annleis enn det normale, eller at forskaren analysert feil, men då måtte det påpeikast med fakta og argumentasjon, ikkje med stempling.

Det er nok av politisk korrekt tenking og einsretting i samfunnet og innan kristne krinsar, så vi treng alternativer stemmer. Vi treng på ingen måte konspirasjonsteoriar, men vi treng at fakta vert sjekka, at analyser vert ettergådde og at konklusjonar vert prøvde. Vi bør vera svært varsame med å bruka stemplet «konspirasjonsteori» på folk sine oppfatningar, og vi bør vera like varsame med å tillegga visse grupper spesiell tilknytting til konspirasjonsteoriar, fordi det kneblar den offentlege debatten. Det fremjar derimot det politisk og kristeleg «korrekte», og verkar med det til einsretting. Framfor at folk tenkjer sjølv, vert ein bunden av dei dominerande meiningsberarane i media.

Frå kristent hald skal vi vera ekstra varsame med å bruka stemplet «konspirasjonsteori», fordi ved det stemplet står vi i fare for å føra falskt vitnemål mot nesten vår, og fordi det kan binda oss til det politisk korrekte framfor å praktisera kristen tenking.

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock