Misjon Sarepta og sommaren 2022

Denne sommaren har Misjon Sarepta utvida si verksemd nokså mykje. Vi har ingen leirstader eller andre eigedommar der vi kan ha ulike typar arrangement, men det er nok av stader som ein kan leiga. Fleire er også glade for at staden vert brukt, fordi dei har ikkje kapasitet til å gjera så mykje sjølv

Heilt frå starten har Sarepta hatt bibelhelg i slutten av juni. Dei siste åra har denne vore på Holmavatn på Jæren, rett nok dei to siste åra noko redusert på grunn av koronapandemien. I vår er vi tilbake med «normalt» opplegg. Dette er ei viktig helg for Sarepta sitt arbeid, både fordi vi her legg vinn på ei profilert forkynning, og fordi vi her kan drøfta arbeidet og fotfolket kan gje signal til leiinga om korleis ein tenkjer om Sarepta sitt arbeid. Kvart tredje år er det Landsmøte, og dei to andre åra er det ei uformell drøfting. I år har vi eit par viktige saker som vi vil presentera og høyra støttespelarane sine synspunkt på. Så vi håper mange møter opp

Rett etter bibelhelga er det bibelcamp og teltmøte på Støylen i Setesdal. Det er eit heilt nytt og spennande arrangement. Her er det ein campingplass som vart nedlagt for 20-30 år sidan, og som no vert reetablert. Det er flunkande nytt sanitæranlegg, og det er lagt straum til bubilar og campingbilar. Det er naturmessig eit flott område, og med høve til turar i kajakk. Det er innga påmelding til denne campingen, så det vert svært spennande å sjå kor mange som finn vegen dit til ferie og oppbygging. Teltmøta om kveldane er like mykje tenkt for folk i området som for gjestene på campingplassen. Slår dette til, kan det verta eit flott arrangement for Sarepta i åra framover. Det er godt om det kunne verta eit fast kristent tilbod så langt oppe i Setesdalen.

Det har no vorte tradisjon med bibelcamp på Holmen leirsted utanfor Finnsnes, litt sør i gamle Troms fylke. Her har det kome godt med folk, særleg frå Troms og Finnmark, og frå ulike samanhengar. Sarepta har her fått eit godt forhold til Normisjon, og har inngått ein leigeavtale for leirstaden og bibelcampen for nokre år framover, og vi kan også bruka leirstaden til andre arrangement om det skulle vera aktuelt. I år har ein hatt dugnad og rydda eit område inne på leirstaden, slik at det skal verta betre plass. Dessutan har vi vi vorte samde med Småbåthavna, som er nabo til leirstaden, om å bruka eit område der til parkeringsplass for bubilar og campingvogner. I år er det altså mykje betre plass enn tidlegare år, så søringar kan berre ta turen! Leirstaden er også oppgradert på andre måtar. Det har vore gode åndelege samlingar på desse bibelcampingane, og det har også kome folk frå nærområdet til møta.

Det langt største sommararrangementet er Sareptasommar i Fyresdal. Det er eit heilt nytt tiltak på ein flott stad. Det viste seg raskt å vera behov for denne bibelcampen, ved at det raskt fyltes opp når det gjeld leige av rom, men også for bubilar, campingvogner og telt. For å ha kontrollen på det heile og sikra ei god gjennomføring, måtte ein setja ei øvre grense for kor mange ein kunne ta imot. Dette er eit omfattande arrangement med mange tilbod både når det gjeld forkynning og fritid. Ut frå slik det ser ut i forkant av dette stemnet, kan det i åra framover verta sjølve storsamlinga for Sarepta. Det er mange som har teke ansvar for ulike oppgåver, og det er mange barnefamiliar som kjem.

I tillegg til det som skjer i Noreg, har vi også Bibelsommar i Spania. Det er svært viktige samlingar med tanke på arbeidet i Spania, og det å verta kjent med det. Påmeldingane i år er nok prega av etterverknaden av pandemien, høge flybillettar og generelt ein uroleg situasjon. Det er uansett viktige dagar, og vi trur det vil verta enda meir folk neste år.

No er det er slik at det ikkje er arrangementa i seg sjølv som er viktige, men det er at det vert skapt møteplassar mellom folk og Guds ord. Då er det viktig at folk kjem, og det frå ulike samanhengar og i ulike aldrar, for utan det vert det ingen møtestad. Det er like viktig at det som vert undervist og forkynt er Guds sanne ord, for utan det vert det berre ein ytre møteplass. Poenget er at det vert ein åndeleg møtestad. Det er eit ansvar for Sarepta som arrangør, og for alle som skal forkynna Guds ord, men det er også eit ansvar for misjonsfolket generelt med tanke på å be om at det må skje – og at det også må skje over alt der det er kristne arrangement.

Johannes Kleppa