Koranen er antikristeleg

Eg har brukt noko tid i det siste til å lesa Koranen. Det har vore det motsette av oppbyggeleg, og det har vore kjedeleg – faktisk eit ork. Her er mykje gjentaking, lite driv i framstillinga og lite som er tankemessig utfordrande. Det er like fullt ei viktig bok, fordi ho styrer livet til millionar, for ikkje å seia milliardar, menneske. Det er ikkje slik at eg tilrår folk flest å lesa Koranen – tvert imot, men nokre bør gjera det, om ein skal ha kvalifiserte meiningar om kva som står der og kva islam lærer.

La meg få gje nokre lærepunkt frå denne boka. I den utgåva eg har lese, er det for guddomen brukt ordet Gud, ikkje Allah, og difor gjer eg her det same – sjølv om det pedagogisk sett er best å bruka Gud når ein talar om kristen tru, og Allah når ein talar om islam.

Koranen vert framstilt som openberring. Gud har ved denne boka openberra sin vilje for sitt sendebod. Det vert lagt stor vekt på at Koranen er openberring og sanning, som ein må bøya seg for.

Det vert mange stader understreka at Gud er ein, og at det berre er ein Gud. Den kristne læra om at Gud er treeinig, vert eksplisitt avvist som vantru og blasfemi. Det same gjeld at Jesus er Gud. Gud har ikkje noko kone, og han har ikkje lagt seg til barn. Som Maria sin son er Jesus sendebod og profet. Då har heller ikkje Jesus sona for synd eller stått opp frå dei døde. Han er ikkje frelsar.

Det er altså ikkje slik at Koranen let vera å omtala Gud som treeinig eller at Jesus er Gud og frelsar, men det vert omtalt og eksplisitt avvist med sterke ord, til forskjell frå slik det er i andre religionar. Koranen, og med det er islam, er altså direkte antikristeleg.

Gud er tydeleg omtalt som skapar, og alt står og fell med Gud. Gud skapte på seks dagar. Han har all makt, og gjer suverent som han vil til ei kvar tid og i ein kvar situasjon. Gud er den Vise og den Allmektig, og det må mennesket bøya seg for.

Det er mykje tale om frelse og fortaping, eller om Elden og Paradiset. Det er snakk om dei vantru eller Eldens folk, og dei gudfryktige eller Paradisets folk. Det er altså ikkje snakka om at det heile forgår ein dag, eller at det til sist vil gå godt for alle. Det dreier seg om evig fortaping, straff og pine, eller om evig frelse og Paradisets gleder.

Det er ofte sagt at Gud fylgjer godt med, og alt som mennesket gjer, vert notert. For kvart menneske er det ei rekneskapsbok som avgjera det evige tilværet. Det må alle menneske vera klar over.

Koranen talar om nåde og miskunn, men det er knytt til korleis mennesket lever. Nåden er ikkje eit uttrykk for Gud sinnelag eller ei gåve til mennesket, men det er uttrykk for Guds reaksjonsmåte overfor folk som lever gudfryktig. Ingen lever fullkome, men den som held seg til Guds vilje og lever gudfryktig, viser Gud nåde og tilgjev. Det er altså mennesket sitt liv som utløyser nåde. For alle ugudeleg er det straff og evig eld.

Det er lagt vekt på at mennesket er Guds skapning, og at vi er skapte som mann og kvinne. Det er også lagt vekt på eit rettskaffent liv, særleg det å vera gjestfri. I denne typen spørsmål er det mykje som samsvarar med kristen etikk, men det har eit heilt anna utgangspunkt. Det spring meir ut av Guds makt og lydnadskrav, enn ut av Guds person og kjærleik. Det heile får eit hardt preg.

Det er ein del i Koranen som er henta frå eller referert til Det gamle testamentet, men det er ofte omskrive eller har ein heilt annan funksjon enn i jødedommen og i kristendommen. Ismael har på sett og vis Isak sin plass.

Det er nokre samanfallande element i Koranen og Bibelen ytre sett, men orienteringspunktet er fundamentalt forskjellig. Det kjem aller tydelegast fram i forståinga av kven Gud er, og korleis mennesket vert frelst. Det er ikkje nokon forsonar, og med det ikkje nokon frelsar. Mennesket må syta for si eiga frelse ved å leva slik at Gud viser nåde. Det skaper uro og frykt. Det er ingen Gud som har kome til jorda til frelse, han har berre sendt den rette kunnskapen gjennom Koranen og sendebodet.

Johannes Kleppa