Kva definerer livet?

Dei fleste som les det eg skriv, har sikkert fått med seg at eg nettopp har passert 70 år. Ved ein slik markant milepæl spør ein seg gjerne kva livet er for noko. Kva er poenget med livet, og kva er livets meining og innhald? Ved runde åremålsdagar får ein gjerne helsingar, og eg har fått mange. Det vert gjerne sagt og skrive positive ting om eins person, liv og gjerning. Det er hyggeleg, men det seier ikkje alt om livet. Kva er det eigentleg som definerer livet?

Ja, det spørsmålet kan ein svara på ut frå ulike innfallsvinklar. Ein kan gjera ei samanlikning med naturen, særleg dyra, og spørja kva mennesket er i forhold til det? Det kan lett verta ei naturalistisk og materialistisk tilnærming, men det seier trass alt noko. Ein kan gå til filosofien, og spørja etter det tankemessige og dei større perspektiva på livet, og då vert det gjerne reist grunnleggjande spørsmål som: Kor kjem vi frå? Kva er meininga med livet? Kva skjer etter døden? Er livet avgrensa til det som skjer mellom fødsel og død, eller er det noko meir og overordna? Det arbeider også dei ulike religionane med, og dei gjev ulike svar, men alle plasserer mennesket i lys av og til det som vert kalla gud.

I alt det som vi no kort har skissert, kan vi finna glimt av sanningar, og det kan gje ei viss hjelp til å tolka livet. Det fungerer som ei form for definering av livet. Det kristne svaret går likevel langt ut over dette, og gir eit særeige svar.

Også kristent sett kan ein definera livet ut frå ulike innfallsvinklar, slik som i forhold til skaparverket, i forhold til arbeid og forvaltning, i forhold til sitt eige kjønn, i forhold til andre menneske og då særleg i forhold til eigen familie, i forhold til den kristne forsamlinga og misjon – for å nemna nokre viktige element. Det er viktig at ein har ei rett forståing av og eit rett forhold til alt dette, men det er noko som er enda meir grunnleggjande.

Kristent sett er det spesielt to forhold som definerer mennesket: At mennesket er skapt i Guds bilete, og at Jesus har gitt livet sitt for å frelsa dette mennesket. Med det ligg det også eit syndefall mellom desse to hendingane, og det er ei framtidsvon i forlenginga av det. Det er berre i den kristne trua vi finn denne forståinga av mennesket, og det er berre ved openberinga i Bibelen vi kjem til erkjenning av det. Difor er også forholdet til Ordet og forkynninga så avgjerande viktig.

Det er berre mennesket som er skapt i Guds bilete, og det aller mest grunnleggjande med det er at vi er skapte til samfunn med Gud og til å tena han – slik vi kan lesa på Bibelens første blad at det var i Edens hage. Difor vert også døden det store spørsmålet. Det er ikkje noko som skaper slikt perspektiv på menneskelivet, som at vi er skapte av Gud og i hans bilete. Det er dette som gjer at vi også etter syndefallet og utestenginga frå Edens hage på nytt kan koma i samfunn med Gud og få del i eit evig herlegdomsliv. Gud har skapt oss som personar og med språk, slik at han kan nå oss med Ordets nådemiddel.

Det er også berre mennesket Jesus har gitt sitt liv for å frelsa, sjølv om frelsesverket også har konsekvensar for heile skaparverket. Gud tok ved sin Son vår synd og skuld på seg, og gjorde opp for oss. Faderen utauste sin vreide på Sonen for at vi skulle gå fri. Det finst ikkje nokon slik bodskap eller noko slik frelse nokon annan stad enn i kristentrua, og det er berre Bibelen som openberrar dette for oss. Det er her vi har vår von og vårt djupaste frimod som mennesket. Det er her vi får himmel over livet.

Det er viktig at vi let dei rette elementa definera livet vårt. Det gjer menneskelivet stort, og det skaper mål og meining med livet, og med det livsmot og framtidsvon.

Johannes Kleppa