Hyrdeteneste og åndeleg tilsyn

I ulike organisasjonar og kyrkjesamfunn har det gjennom åra gått mange debattar om det vi kallar «tenestedeling». Spørsmålet har vore kva stillingar og funksjonar kvinner kan ha eller ikkje ha, og korleis åndeleg leiarskap skal utøvast. For tida pågår det ein debatt i Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) om dette, med nokså vidtgåande organisatorisk og strukturelle implikasjonar.  Eg skal ikkje gå konkret inn i eller ta stilling til det som føreligg av forslag i NLM, men bruka det som springbrett for nokre generelle og prinsipielle refleksjonar.

Hovudstyret og Rådsmøtet i NLM går inn for å erstatta dagens hovudstyre med eit sentralstyre og eit nasjonalt tilsynsråd. Desse to organa er heilt skilde frå kvarande. Det første er ope for kvinner, medan det andre berre skal ha menn. Då Indremisjonsforbundet (ImF) opna for kvinner i forbundsstyret, vart det gjort slik at det skal vera minst fire menn i styret, og av desse må formann og nestformann vera menn, fordi dei skal utgjera hyrderådet saman med generalsekretæren og ein vald styremedlem. Her er altså eit tett og overlappande forhold mellom styret og eldsterådet.

Det eg meiner å ha registrert ved debattrundane og alle endringar på dette området, er at det åndelege leiarskapet eller hyrdetenesta har vorte svekka, sjølv om intensjonen gjerne har vore det motsette. Det er svekka ved at stadig færre stillingar, funksjonar og organ vert definerte til å ha hyrding- og lærefunksjonar, slik at dei kan opnast for kvinner. I ei tid med stor læremesssig forvirring og mykje åndeleg oppløysing, burde ein etter mi oppfatning heller lagt større vekt på det åndelege leiarskapet i eksisterande organ, funksjonar og stillingar. Nokre gonger skjer det også ei sentralisering av funksjonane, slik at det vert lang avstand til kristenfolket på grasrota.

Det andre er at det skjer ei viss omdefinering og omprioritering av eldstefunksjonen til ein tilsynsfunksjon. Det er rett at åndeleg leiarskap inneber tilsyn, og i Pastoralbreva er det talt om tilsynsmenn. Ordet «tilsyn» er likevel ikkje det mest brukte eller overordna omgrepet Bibelen brukar i denne samanhengen. Det er hyrding, med utgangspunkt i den gode hyrdingen. Ordet «tilsyn» dreg i retninga kontroll og pålegg, slik det i stor grad er i samfunnet, jfr. Mattilsynet.

Ein tilsynsfunksjon er i stor grad passiv, og trer inn når det skjer noko uheldig eller galt, eventuelt noko ein utøver med jamne mellomrom, slik det har vore med biskopen sin visitas i Den norske kyrkja. Eit tilsyn er i liten grad aktivt og formande, eller er det eit arbeid går ut frå.

Den bibelske hyrding- eller eldstetenesta er i langt større grad aktiv, formande og styrande. Det er noko som vert utøvd ved Ordet og forkynninga, ved den åndelege samtalen i utøvinga av eit arbeid og ved dei prioriteringane som fylgjer av det, og det byggjer altså på nådegåveutrustning. Hyrdingen grip ikkje berre inn når noko er galt, men han går føre og viser veg, og syter for at sauene får det dei treng av mat, kvile og vern. Når apostelen Paulus omtalar ulike Ordets nådegåver, knyter han lærar og hyrding tett saman, og der alle desse nådegåven er for å setja dei heilage i stand til teneste (Ef 4;11f).

Hyrding-, eldste- og tilsynstenesta bør altså plasserast slik at denne er aktiv og formande i forsamlings- og misjonsarbeidet – og hovudvekta bør vera på at det er ei hyrdingteneste etter førebilete av den gode hyrdingen.

Johannes Kleppa