Ukraina og rettferdig krig

Krig har fylgt menneskehistoria, og Bibelen seier krig og rykte om krig er noko som vil prega tida før Jesu atterkome. Krig er med andre ord ein konsekvens av syndefallet, og noko som vil prega syndefallets jord til alle tider – i større eller mindre grad. Krig skaper frykt, og erfaringa av krig ber i seg liding og katastrofer, men også heltemodig dåd. Ofte er krig uttrykk for aggresjon, erobrarvilje og maktkamp, men det utløyser også forsvarskrig og sjølvforsvar.

Sjølv om krig er resultatet av syndefallet, og livet på den nye jorda vil vera i fullkomen fred, er ikkje all krig eller militærteneste i strid med kristen etikk. Då Gud gav ordre til Israel om å gå til krig, opptrådte ikkje Gud uetisk eller gav ordre til synd, sjølv om israelsfolket i sjølve krigføringa kunne gjera feil. I kristen etikk talar vi om «rettferdig krig», ikkje om «Herrens krig», når vi skal grunngje etisk forsvarleg krig og forsvarleg krigføring. Dette er i praksis forsvarskrig.

Når vi talar om rettferdig krig, seier vi ikkje at krigen er uproblematisk eller at alt som skjer kan forsvarast, men vi snakkar om ein bestemt type krig. Skal krig definerast som rettferdig krig og med det forsvarast etisk, er det nokre gunnleggande premiss som må oppfyllast. Dei viktigaste er at krigen må vera erklært av rett styresmakt, at den må ha rett intensjon eller motiv og at den må førast på rett måte eller proporsjonalt mellom verkemiddel og det ein skal oppnå. Alle desse tre premissa må vera oppfylte for at krigen skal kunna definerast som rettferdig.

Om vi aktualiserer dette på krigen mellom Russland og Ukraina, ser vi at Russland fører urettferdig krig, medan Ukraina kjempar ein rettferdig krig. Sjølv om Putin har fullmakt frå dumaen, slik at det kan seiast at det er rett russisk styresmakt som går til krig, er altså ikkje det nok. Det ville heller ikkje vore nok om krigen frå russisk side hadde vorte ført på rett vis, ved at dei berre gjekk etter militære mål, ikkje sivile. Russland har ikkje rett intensjon eller føremål med krigen, ved at dei set i gang ein angrepskrig på eit fritt og sjølvstendig land som ikkje trugar dei på noko vis. Dei handlar i strid med det som er Ukraina sine interesser og rettar, og dei vil utvida eiga maktsvære. Då er krigen urettferdig med tanke på Russland sin handlemåte eller intensjon og motiv.

Ukraina fører derimot rettferdig krig, fordi det er rett styresmakt som har sett i gang ein forsvarskrig mot ei angripande makt, landet har rett intensjon eller føremål ved at dei vil verja sitt sjølvstende og sitt folk, og dei fører krig med rett proporsjonalitet ved at dei forsvarer seg i samsvar med slik dei vert angripne. Også forsvarskrig fører drap og liding med seg, men det gjer ikkje krigen urettferdig. Det er kort og godt ein del av krigens vesen, også når han står i det gode si teneste.

Etisk sett er det altså grunn til å støtta Ukraina i deira krigføring – ja, det er etisk sett faktisk ei plikt. Tilsvarande er det etisk rett og plikt å fordømma Russlands krigføring. Der det er etisk rett å støtta, må det også vera ei etisk plikt å hjelpa, og der det er etisk rett å fordømma, må det også vera ei etisk plikt å motarbeida. Korleis dette skal skje reint praktisk, er eit politisk spørsmål, og det er styresmakta – inkludert vår eiga styresmakt – som må finna ut korleis det kan gjerast best, og så handla i samsvar med det.

Johannes Kleppa

Foto: Adobe Stock