Spania – historie og misjon

Denne veka er Fjellheim Bibelskole på Centro Sarepta. Vår spanske evangelist og bibellærar, Felipe Lobo, har hatt fleire timar for elevane om spansk historie, særleg kyrkjehistoria, og om dagens åndelege situasjon og situasjonen for katolisisme i landet. Felipe er svært kunnskapsrik, og det har vore interessant og lærerikt å fylgja timane også for oss som ikkje er bibelskuleelevar. Det har i tillegg vorte gitt innføring i det som har med evangelisk forsamlingsliv og misjon å gjera.

Kristendommen breidde seg raskt rundt Middelhavet i oldkyrkja, og fekk også godt fotfeste i Spania. Rundt år 700 vart landet erobra av islam, som hadde makta fram til rundt år 1500. Det var ei dårleg tid for kristendommens stilling i landet.

Reformasjonen fekk svært lite gjennomslag i Spania slik at landet vart nokså homogent romersk-katolsk. Det var innslag av protestantisk kristendom, men det vart aldri noko skikkeleg evangelisk gjennomslag, særleg ikkje for lutherdommen. Alt som avveik frå katolsk lære vart generelt motarbeidd både frå kyrkja og staten, og i periodar var det direkte forfylging av evangeliske kristne. Det var mange som leid martyrdøden. Frå 1800-talet og utover vart forfylginga mildare, men likevel reell.

Den katolske kyrkja spelte på lag med Franco, som styrte diktatorisk frå 1939 og fram til rundt 1980. Mange evangeliske kyrkjer vart stengde i denne perioden, og det var sterke restriksjonar på utbreiing og lesing av Bibelen. Den katolske kyrkja har framleis ein sterk posisjon i landet, sjølv om få er aktive katolikkar. Folk er på fleire måtar avhengige av kyrkja, sjølv om ho er upopulær

Sjølv om Spania vert rekna som eit katolsk land, har berre 20 prosent eit aktivt forhold til kyrkja, og det er i stor grad den eldre generasjonen. Det store fleirtalet av folket er agnostikarar, likegyldige eller ateistar. Det er nokre få prosent muslimar og folk av andre religionar. Det er under ein prosent evangeliske kristne, og mange av desse er innvandrarar frå Sør-Amerika. Dei fleste evangeliske forsamlingane er svært få, og stort sett langs kysten og i dei større byane.

Statskyrkjeordninga vart oppheva på 1970-talet, men det var først i 1992 at trusfridomen kom inn i grunnlova, slik vi i Noreg fekk det i 1814. Sjølv om den katolske kyrkja ikkje har så stor formell makt lenger, har ho stor reell makt. Evangeliske kyrkje får ikkje lov til å etablera seg i sentrum av dei mange byane rundt om i landet, og mange vegrar seg for å leiga ut lokale til kristne forsamlingar eller foreiningar. Bankar vegrar seg mot å låna pengar til kristne tiltak utanom den katolske kyrkja.

Spania fekk allereie på 1500-talet Bibelen på spansk. Bibelen har likevel i alle hovudsak vore ei lukka bok for folket. Guds ord har bokstaveleg tala vore låst, slik at berre prestane hadde tilgang til Skrifta – og knapt nok dei. I dag er Bibelen tilgjengeleg for alle, men det er svært liten tradisjon for å lesa i Bibelen, slik at bibelkunnskapen er tilsvarande liten.

Bakteppet for misjon i Spania er nokså svart, og det er ikkje for ingen ting at Spania har vorte omtalt som misjonærane sin gravstad. Det er ei vanskeleg arbeidsmark både ut frå den katolske maktposisjon og ut frå likesæla i folket. Det er likevel ikkje heilt mørkt. Frå 1970-talet og framover har det vakse fram ein god del evangeliske kyrkjer, særleg av baptistisk og pinseteologisk karakter. Berre dei få åra Sarepta har arbeidd i Spania, er det mange kommunar som har fått si første vesle forsamling, Desse treng hjelp til undervisning og forkynning, og dei treng å få koma saman frå fleire forsamlingar. Det kan Centro Sarepta bidra til, samstundes som ein driv direkte utadretta misjonsarbeid, der vi trur eit diakonalt arbeid kan vera ein døropnar for evangeliet.

Er det noko som trengst for misjonsarbeidet i Spania, er det forbønn!

Johannes Kleppa