Tankar ved slutten av koronarestriksjonar

Eg skriv ikkje noko originalt eller kontroversielt ved å seia at vi no har hatt to svært spesielle år. For min del starta det i Spania ved at eg reiste heim derifrå 10. mars, og måtte to dagar etter eg kom heim gå i karantene. Det er også det einaste som har vore direkte inngripande i livet mitt, ut over dei varierande restriksjonane vi alle har hatt å førehalda oss til.

Pandemien er ikkje over, men det meste i samfunnet er no opna, og det går truleg ikkje lenge før det er heilt ope, der kanskje også covid-19 er omdefinert til ein «vanleg» sjukdom med tanke på sjukemelding og anna. Vi er nok samde om at det skal vera godt å få meir «normale» forhold att, sjølv om koronatanken vil sitja i oss ei tid framover. I folket er det skapt ei form for sjukdomsfrykt som gjer oss usikre og utrygge.

For alt misjonsarbeid har smittevernreglane skapt mange hindringar og utfordringar, særleg med tanke på møteverksemd. For Sarepta sin del har det også vore ei utfordrande tid i Spania med stort sett nedstengt senter.

Midt i det heile er det for Sarepta sin del stor grunn til takk. Det gjeld ikkje minst takk til alle medarbeidarane som har stått på så langt det var råd, dei har vore fleksible og raskt tilpassa seg nye situasjonar, og dei har teke permittering med sinnsro og godt humør. I slike situasjonar kan det lett oppstå usemje og konflikt med tanke på korleis ein skal handla og disponera. Det har vi vore sparte for, og det gjev grunn til takk og glede.

Det er også stor grunn til takk for det økonomiske resultatet i denne perioden. Det har sjølvsagt for ein del sin grunn i mindre lønnsutgifter ved permittering, men det har minst like stor grunn i at gjevarane har stått med. Det gjeld støttemedlemmane og alle andre faste gjevarar, og andre som har bidratt med større eller mindre gåver. Dette har gitt oss høve til nedbetaling på lån knytt til Centro Sarepta og til investeringar der. Det har også gitt oss ein økonomisk situasjon der vi med frimot har kunna kalla nye medarbeidarar. Vi startar året med to nye i Spania med til saman 100 % stilling, og to nye i Noreg med til saman 50 % stilling. Dette er svært gledeleg. Det ligg slik sett godt til rette for arbeidet framover med vidare ekspansjon.

Det har vore opp og ned med folk på møta i koronatida, naturleg nok. Dei møta eg hadde siste delen av januar, var godt besøkte, trass i at nokre barnefamiliar måtte vera heime på grunn av smitte i skule og barnehage. Dette synest eg lovar godt. Det har vore opning for Guds ord og interesse for informasjonen, og eg har inntrykk av at folk har gitt sine gåver med takk og glede.

Vi veit jo enda ikkje korleis det vert framover, men det er grunn til optimisme. Det meldest om at folk no er gira på å reisa til syden på ferie, forståeleg nok. Signala er også at folk vil til Centro Sarepta, og vi vonar mange vil nytta seg av det tilbodet framover, både med tanke på oppbygging og rekreasjon.

Det vert også ein ny og fornya Sarepta-sommar her i landet, ved at vi har nye arrangement og byggjer vidare på det vi har hatt før. Det vil på nytt vera godt å kunna samlast mange og over lengre tid, og signala er at mange tenkjer slik.

Så lat oss sjå framover med tru, frimot og optimisme!

Johannes Kleppa

foto: adobe stock