Vi gjentek fjorårets suksess og har gleda av å invitere til bibelhelg for unge-voksne i alderen 20 – 40 år på Jønnbu Fjellkyrkje i Bø i Midt-Telemark. Leirstaden ligg vakkert til i Lifjell, 17 min frå Bø sentrum der det er gode tog- og bussforbindelsar.
Curt Westman blir med som talar. Han har bakgrunn frå Norsk Luthersk Misjonssamband, Åpne Dører og Norea Radio i Noreg og Sverige. Han er opprinneleg frå Nord-Sverige, men bur i Tønsberg med kona Arnhild, som han har fem barn med.
Vi ønskar å legge til rette for at dette blir ei helg med godt bibelsk innhald, upåklageleg sosialt samvær og gode moglegheiter for å gå på ski og nyte naturen i vakre Lifjell. Vi har valgt å legge bibelhelga inn under Misjon Sarepta, og alle er veldig velkommen uansett bakgrunn eller tilhørigheit. Dei siste åra har vi samla unge-voksne frå nord, sør, aust og vest, og funne det berikande å kunne samlast på tvers av tilhørigheit og bakgrunn.
Livet har sine oppturar og nedturar, og vi ser viktigheita av å ha gode medvandrarar gjennom livet. Vi ønskar at denne helga skal vere ein plass der ein kan kome med livet som det er, dele levd liv, senke skuldrene, og få sitte ved Jesu føter. Lat kvardagen bli igjen heime, og sett av ei helg til andeleg oppbygging, flotte naturopplevingar og godt fellesskap.
Pris: Fredag – søndag: 800,- per pers. Dette inkluderar overnatting og mat.
Påmelding på epost til: andrinekvamme@hotmail.com eller tlf. 99599452 (gjerne sms).
Ved påmelding oppgi om du har matallergiar, og evt. annan relevant informasjon som vi bør ta hensyn til. Kom også gjerne med romønsker.
Leiren arrangerast for unge-voksne i alderen 20 – 40 år. Babyar opp til 1 år kan også bli med.
Påmeldingsfrist: 15. Mars
Hjarteleg velkommen!
Helsing arrangementskomiteen:
Ragnar Nørstrud, Randi Therese Larsen, Sigurd Brennsæter, Olav Andreas og Andrine Bergsland.