Jesus har synt oss kven Gud er

Apostelen Johannes er kalla «ørna» blant evangelistane, fordi han har slikt høgt og stort perspektiv på det han skriv. Dette kjem særleg til uttrykk i opninga av evangeliet, den såkalla prologen. Johannes startar det heile «i opphavet» og «hjå Gud». Der var Ordet, og Ordet var Gud. Ordet – Jesus Kristus Guds Son – har altså alltid vore til, og alt anna har vorte til ved han.

Han vart likevel ikkje i himmelen hjå Gud. Ordet «vart kjøt og tok bustad hjå oss». Sonen vart menneske, med den herlegdomen han hadde frå sin Far. Det er dette vi kallar inkarnasjonen, at Gud vart menneske, og det er det vi feirer i julehelga. Dette har berre skjedd ein gong i verdshistoria, og det er kristendommen i eit nøtteskall – Gud kjem til oss mennesket. I all religiøsitet og i alle religionar er det mennesket som søkjer Gud, men i kristentrua er det Gud som søkjer mennesket.

Det er ikkje berre slik at Gud oppsøkjer mennesket med ein eller annan bodskap, eit krav, ei lære eller ein ordre. Rett nok ligg det element også av dette i kristentrua, men det primære er at Gud ved Sonen går inn i mennesket sin posisjon – ja, går inn i mennesket sin stad. Han går inn under mennesket sine kår, inkludert inn under synda. Han vert eitt med mennesket, og gjer opp for mennesket si synd og skuld. Alt Jesus er og gjer, er og gjer han på vegner av både Gud og mennesket.

Det er avgjerande at vi held fast på inkarnasjonens mysterium med tanke på frelsa. Dersom ein fornektar eller borttolkar at Jesus er sann Gud og sant mennesket, og at han sonar synda for oss eller i vår stad, øydelegg vi sjølve frelsesbodskapen, og vi har inga sann frelse å formidla.

Samstundes er det slik at Jesus ved sin person og sin gjerning viser oss kven Gud er. Dette skjer særleg gjennom Jesu forsonargjerning, men også gjennom alt anna Jesu gjer og lærer. Utan inkarnasjonen ville Gud vore adskilt frå oss menneske på ein slik måte at vi ikkje kunne læra han å kjenna. Vi kan nemleg ikkje gå over grensa til det evige og guddommelege. Gud måtte koma til oss for at vi skulle læra han å kjenna på rett vis, og med det også læra oss sjølve å kjenna i forhold til Gud og i forhold til det at vi er skapte i Guds bilete.

Etter å ha forklart Jesu opphav og inkarnasjonen, slår apostelen Johannes fast: «Ingen har nokon gong sett Gud. Den einborne Sonen, som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.» Vil vi læra den sanne Gud å kjenna, må vi sjå på Jesus. Det er berre han som openberrar Gud for oss, og det er berre ved han vi kan koma til Gud.

I min barndom og ungdom var det ei sjølvsagd sak for praktisk talt alle her i landet, at kristendommens Gud er den sanne Gud. Alle og alt anna som vart kalla gud, vart definert som avgudar, og tru på avgudar var heidenskap. Slik er det ikkje lenger. No vert ulike religionar oppfatta som likestilte og likeverdige, og gjerne omtalte som ulike vegar til den same gud. I det perspektivet kan endatil ei kristen adventsalme omskrivast til eit ønskje om sameining av alle religionar.

I denne situasjonen er det avgjerande viktig at vi tek på alvor at det er ved inkarnasjonen at vi kan læra Gud å kjenna, og berre ved den – slik dette er openberra i Skrifta. Sonen og Faderen er eitt, og Sonen har kome til jorda som openberring av Gud og til vår frelse. Johannes Kleppa