Arbeid ved bønna, Ordet og diakonien

Fredag morgon vakne eg omtrent kl 07.00 av ein spesiell lyd, og lurte på om eg var i eit kloster! Eg høyrde stille og roleg sang, men så gjekk det opp for meg at eg framleis var på Centro Sarpeta. Sangen kom frå møtesalen og nådde så vidt gjennom veggen inn til rommet mitt. Det var vel 15 misjonærar frå pinserørsla som hadde ein liten konferanse på senteret. Eg lurte på om dei alt hadde byrja programmet, men det var nok ein eller eit par av dei som var i bønn og lovprising på morgonkvisten. Då eg stod opp litt seinare, og gjekk for å setja på varme, var det ein mann i stille bønn i salen. Det syntes eg var fint.

Då opplevde eg i eit glimt noko av det eg har skrive om fleire gonger tidlegare: Centro Sarepta skulle vera eit bønnehus. Det er å vona at det vil verta fleire slike bønnetimar frå gjester og andre. Bønn er arbeidet, det er kalt mineringsarbeid for Ordets dynamitt. Kvar dag samlast tilsette og gjester til andakt og bønn, på spansk og norsk. Måtte Centro Sarepta vera eit bønnehus.

Senteret er i stor grad eit Ordets hus ved undervisning og forkynning. Slik er det om det er få eller mange. Den siste veka har det vore tre gjester, og vi har hatt andaktar og bibeltimar saman med desse. Det er eit mål at det kvar dag skal vert lese og forkynt frå Guds ord. Ordet er nådemidlet, det som formidlar frelse og heilagt liv.

Den dagen Misjon Sarepta vart starta, vart det bestemt at ein starta eit bibel- og misjonssenter i Spania. Det vart straks sett i gang arbeid med å etablera eit slikt senter, og i 2017 var det ein realitet. Ved at Sarepta fekk kjøpa ein så tenleg stad som Centro Sarepta, kom ein relativt raskt i gang med bibelundervisning og undervisning i ulike teologiske fag, både på spansk og norsk. Sjølv om ein har arbeidd i det små, er det etter måten mange som slik har fått del i solid innføring i Guds ord og kristen tenking.

Den dagen Misjons Sarepta vart etablert, vart det også bestemt at ein skulle satsa på diakonalt arbeid. Det kom inn i vedtekten på samen måten som det med bibel- og opplæringssenter. Styret har stadig hatt det på saklista, men ein har ikkje funne den retten vegen å gå her, sjølv om det er gjort ein del diakonalt arbeid på ulike måtar. No kan det synast som at det opnar seg dører også på dette feltet, slik at ein frå nyttår av får dette som eit satsingsområde i praksis. Det vil vera ein milepæl i Sarepta si historie, og ei utviding av arbeidet.

Diakoni vil føra misjonsarbeidet og med det evangeliet i kontakt med folk på ein ny måte. Diakonien sin omsorgsfunksjon er viktig både med tanke på den hjelpa folk menneskeleg sett får, og med tanke på den døropnaren dette er for evangeliet. Omsorga skaper spørsmål om kvifor ein hjelper, kva motivasjonen og drivkrafta er, og med det vert det lagt til rette for eit vitnemål om han som elskar oss – ja, som elska oss til døden og til frelse.

Det vert spennande å få den diakonale satsinga nærare presentert om litt, og å få fylgja utviklinga på dette feltet. For min del trur eg diakonalt arbeid er svært viktig i misjonsarbeidet, og kanskje særleg i Spania – både inn mot etniske og katolske spanjolar, overfor folk frå Sør-Amerika som gjerne har ein viss evangelisk bakgrunn og overfor muslimar frå Nord-Afrika.

Det er eit slagord som seier «be og arbeid» – og i arbeidet bør det ligga både formidling av Ordet og utøving av gode gjerningar.

Johannes Kleppa

foto: Adobe Stock