Statens oppsedingstvang

Dei raudgrøne gav ei lang rekke med lovnader før valet, og mange av dei skulle oppfyllast straks, men slik gjekk det ikkje. Politiske lovnader har som oftast ei økonomiske side ved seg, og det viser seg at i budsjettet har ein ikkje funne rom til å oppfylla så mange av lovnadene. Dette har mange påpeika, og regjeringa skuldar på at det ikkje var tid til å få dei inn i budsjettet, eller at det kosta for mykje på kort sikt. Dette burde dei jo visst på førehand.

Det er likevel ein lovnad som dei har vore raske med å oppfylla, og det i overkant av det som vart sagt i valkampen. Det gjeld innstraming på friskulesektoren, eller sagt på anna måte: meir statleg tvangsoppseding av barn. Dette er eit politikkområde som ikkje får så stor dekning i dei profane media som mykje anna, og som har relativ liten plass i den politiske debatten. Det skuldast delvis at journalistar og redaktørar i stor grad er samde i det som skjer, og delvis at både politikarar og andre ikkje ser det ideologiske alvoret i denne saka.

Før valet skreiv eg eit par artiklar der eg hevda at synet på staten, altså statens makt og mandat, burde vega aller tyngst ved val av røystesettel, i alle fall for kristne veljarar. Mitt inntrykk er at folk flest, inkludert kristenfolk flest, ikkje har innsett dette. Ein legg for lita vekt på dei ideologiske spørsmåla knytt til statsforståinga, og måten staten brukar ideologiske makt på. Med det tek ein ikkje på alvor spørsmålet om kva oppseding barna våre skal få, altså kva ideologi og livssyn som skal forma og prega dei oppveksande slektene.

Det første testspørsmålet på dette er korleis det vert tenkt om friskular, og kva livsrom desse i praksis får. Dette gjeld friskular generelt, men særleg skular som har eit bestemt religiøst eller livssynsmessig fundament. I den aktuelle samanhengen dreier det seg primært om kristne friskular. Spørsmålet gjeld både dei økonomiske vilkåra og undervisningsfridomen.

Regjeringa strama frå dag ein inn rommet for kristne friskular ved at eit friskulebudsjett som var dårleg frå den forrige regjeringa, vart gjort enda dårlegare. Det vert arbeidd for å ta livet av kristne friskular ved å setja stoppekrane på den økonomiske tilførselen. Det same gjeld i stor grad kristne barnehagar. Det stramast til.

Det mest spesielle er likevel at regjeringa har sett alle søknadar om nye friskular eller utvidingar på vent. Det gjeld for skular for vidaregåande opplæring i yrkesfaglege utdanningsprogram og skular med særskilt profil. Dei skal ikkje behandlast før det har kome på plass ny lovgjeving på området, slik at det vert lettare for styresmakta å seia nei. Det normale er at søknader skal behandlast etter dei lover og reglar som gjaldt på søknadstidspunktet, men her skal ein gje lov tilbakeverkande kraft i høve til når det vart søkt. Dette er uttrykk for uvanleg sterk maktbrukt og stor vilje til statleg ideologiske styring.

Det vert handla som om barna er statens barn, der det er avgrensa kor stor påverknad foreldra skal få med tanke på undervisning og oppseding. Ut frå foreldreretten skal det tenkjast direkte motsett. Det er foreldra som har mandatet, og staten skal vera ein hjelpar innan visse grenser. Det er ikkje styresmakt som skal fortelja foreldra kva som er best for barna, eller setja grenser for foreldra, men den raudgrøne regjeringa opptrer som om dei skal nettopp det.

Det er uhyre viktig at kristenfolket, og særleg kristne foreldre, fylgjer godt med på kva som skjer på skulesektoren. Det gjeld den ideologiske oppsedinga av barn, om denne skal vera kristen eller sekulær og delvis antikristeleg. Her spelar kristne friskular ei avgjerande rolle, og desse må det satsast på og hegnast om på alle moglege måtar. Djupast sett dreier det seg om det oppdraget foreldre har fått frå Gud.

Tekst: Johannes Kleppa

foto: Adobe stock